DIY- Goldmine inspirert

Etter å ha sett dei populære Goldmine-smykkene, og sjekka prisen på dei, fant eg ut at eg ikkje kunne tillata meg å kjøpa eit. Eg har heller prøvt å laga meg eit. Dette er det første, så blei litt prøving og feiling. Skal laga fleire, men må nok kjøpa utstyr på andre plassar enn hobbybutikkar.Ebay er nok eit godt og billigt alternativ!

Du treng:

* Kjede (har brukt 13mm tjukt og ca 1,5 m langt)

* Bommulstrå

* Smykkelås og kjede

*Perler

*stav til å ha perlene på

*Avbitertang og evt rundtang


Del kjedet i tre deler og begynn å sy to sammen. Eg hadde tre løkker  på kvar, men ser det blei litt masse på så små kjeder.


Såy sammen kjedene heile vegen, start deretter på den tredje. Her kan det være lurt å stramma inn litt, Dra to rundingar inn i ein. Dette for å få form på smykket.

Legg perlene slik du vil ha og fest dei fast. Bare fantasien sett ein stopper her.


Del gjerne tips og triks med meg 🙂

24 kommentarer

Siste innlegg