Endelig!

Hurra hurra! Endelig er dagen eg har venta på i fem veker komt, Vegard kjeme heim. Blir så godt å ha han heima fram til midten av Januar 🙂 Idag skal eg på jobb til 16:00, rydda og gjera det fint til samboeren kjeme heim 🙂  

Onsdag var eg som sagt på middag med klassekontaktane, og herremin for ein middag vi fekk! Indrefilet av okse til hovedrett og ein fantastisk sjokoladefondant med bringebærsorbet til dessert. Var så mett at eg kunne ha rulla heim. Så igår når eg sto opp bar det rett på gratis lunch og omvisning der skulen skal vera etter nyttår. Heilt greit lokale. Kanskje litt lite og trangt i forhold til det vi såg for oss, men vi må bare sjå positivt på det og holde eit godt miljø på skulen oppe 🙂

Ikkje nok med at eg har hatt mykje å gjera, men eg har og vore full i feber og forkjøla denne veka.. Så mellom alle møtene, skule og jobb har eg trykt i meg paracet og prøvt å slappa av. Siste dag før helg og eg er ganske redusert og klar for sofaen!

7 kommentarer

Siste innlegg