Heimelaga müsli

Har lenge hatt lyst å laga heimelaga müsli, men det har liksom aldri blitt. Har sett for meg at det er så mykje styr for så lite.. Men så feil kan ein ta! Det tok ikkje meir enn 30 minutt inkludert steiketid å lage denne fantiastisk gode og enkle müslien! Alt du treng er:

5 dl havregryn

1 dl linfrø

1 dl gresskarkjerne

1 dl sesamfrø

1dl kokkosmasse

Grovhakka mandlar

Kanel og kardemomme (mykje)

Rosiner og tørka aprikos (blandast inn etter steiking)

3 ss honning

3 ss kokkosolje

 

1. Sett ovnen på 175 grader

2. Bland alt det tørre med hakka mandlar. Ha i kanel og kardemomme. Eg hadde mykje i, men neste gang trur eg at eg må ta i meir kanel. Det er jo så godt!

3. Smelt kokkosolje og honning, ilag, på svak varme

4. Legg bakepapir på ei langplanne, og fordel musliblandinga utover. Hell kokosolje og honningen over og bland godt med ein slikkepott.

5. Steik midt i ovnen på 175 grader i ca 15-20 min avhengig av ovn. Husk å rør underveis i steikinga, slik at alt blir steikt, ikkje berre det på toppen. Pass på steiketida, den kan fort bli svidd. 

6. Avkjøl godt før du tilsett rosiner osv og oppbevar i ein tett boks eller ei krukke

Neste gang eg skal laga musli skal eg ha fleire større bitar oppi, som solsikkekjerner og meir mandlar.  Denne gangen blei alt litt smått og “pulverisert”. 

Her er dagens frokost med biola og ein veldig godkjent müsli!

5 kommentarer

Siste innlegg