DIY: vimpler

God jul og dyst nyttår! Eg er litt treig, har tatt heiLt ferie og kobla skikkelig ut i jula 🙂 pcen er ikkje med heim ein gang! På mandag reiser vi tilbake til Kristiansand, så då skal det bli oppdatering ed julebilder 🙂 Eg tenkte eg kunne dele ein super enkel barneromsdekorasjon med dåke, vimplar. Det var Trine, søstera mi, som bestilte desse til ungane til jul og då måtte dei jo få det av tante! Vilde blei heilt tussete når ho åpna gaven og sprang rundt som ein galen med vimplane over hodet! Bilde av det må eg bare få lagt ut, ho var så skjønn! I allefall det er kjempe enkelt og alt du treng er stoff i glade fargar og skråband! 

Det første du gjer er å tegna eit mønster, altså størrelsen på vimpelen. Eg valgte 15cm bredt (øverst) og 15cm langt (fra midten øverst til vimpelens spiss). Tegn opp på stoffet og klipp ut. Husk å ikkje klipp heilt inntil mønsteret, men litt utfor. Eg har lagt stoffet dobbelt då eg kjøpte 30 cm bredt stoff, slik får eg to og to like vimplar. 

Legg rette mot rette og sy samman mot spissen. Husk at no må du stryka for å få ein fin og spiss vimpel. Deretter legg du vinmplane der du vil ha dei og syr på skråbandet! Så enkelt 😀


VOILA! 

#diy #vimpel #sy

5 kommentarer

Siste innlegg