DIY: Skappelgenser

Endelig heilt ferdig med min andre Skappelgenser! Eg blei egentlig ferdig med den når eg var i Bergen på vei til Kristiansand igjen men når eg hadde montert den blei eg så skuffa øve at armane var for korte.. Så no har den hengt på kleshengar i ei veke og lengden er blitt perfekt! 😀 Fargen blei jo egentlig ganske lik den første, men kvaliteten er ein heilt annan.. 

Eg fekk beskjed på trådbutikken at eg trengte 7 nøster Drops Alpakka og 8 nøster Drops Alpakka silk, men eg har ikkje brukt opp alle. Har i allefall to nøster igjen av kvar sort..  Garnet er billig og på tilbud ut året og, så genseren kostar godt under 300 kr, eit kupp!


Neste genser trur eg eg vil legga opp 32 masker på armen og ikkje auka til fullt 52. Då blir den rettare og smalare 🙂

Glede meg til kalde dagar med god varm genser, så no kan vinteren bare komma 😀

#diy #skappel #skappelgenser #skappelen #Strikk #genser #hjemmelaga

19 kommentarer

Siste innlegg