Oppskrift: sukkerfri kakemann

Vegard har mast om kakemenn siden dei kom ut i butikkane i oktober, og vart lykkelig når eg endelig fant ut at eg ville laga. Dei på butikken her på sørlandet er liksom ikkje det samme som mamma lagar heime.. Håpar ho har laga brune pinnar til eg kjeme heim! <3 Husk at denne deigen bør lagast ein dag på førehand, slik at dei får kvilt seg i kjøleskapet over natta. 

Du treng:

♥ 50 gram smelta og avkjølt smør ♥ 2 dl mjelk ♥ 100 gram sukrin gold ♥ 80 gram sukrin ♥ 1 ts hornsalt ♥ 400 gram kveitemjøl

Bland hornsalt og halvparten av mjølet. Rør sammen avkjølt smør, sukrin gold, sukrin 200 gram av mjølet som er tilsatt hornsalt. Bland dette godt sammen før du tilsett resten av mjølet. Jobb litt med deigen. Dekk bollen med plast og la den kvile i kjøleskapet natta over. 

Sett steikeovnen på 170 grader

Kjevl deigen ut til va 0,5 cm tjukknad og trykk ut figurar. Dei kan ligge ganske tett på steikebrettet, sidan dei berre heva seg i høgda.

Steik på steikebrett i ovnen i ca 7-10 min, avhengig av ovn. Avkjøl på rist. Oppbevar dei i ein tett boks:)

 

 Sjølv om dei er laga av med sukrin og ikkje vanlig sukker så har eg ikkje fått nåke klage fr aVegard, endo. Syntes heller ikkje dei smaka spesiellt mykje sukrin. Dei var rett og slett gode!

Oppskrifta er henta hos Bakekona.no

3 kommentarer

Siste innlegg