DIY: Sminkepung

Eg har sydd ein enkel og fin sminkepung! Super til å ha i veska med dei viktigaste produkta. Denne blei selvfølgelig laga på natta, sidan det er då eg likar å gjere alt anna enn å sove…Blir ein lang dag på jobb i dag!

Du treng: 25 cm lang glidelås og fire stoffbitar i 14 x 24 cm, gjerne forskjellige stoff. 

Det første er litt vanskelig å forklare, men prøv deg fram. Legg glidelåsen med rettsida ned og fest framstoffet og forstoffet slik at glidelåsbretten ligg nedover. Retta på framstoffet ligg altså opp mot glidelåstaggane.  Prøv å få det til slik som bildet under..


Når du vrenger glidelåsen riktig vei med stoffa skal det altså sjå slik ut, som på bilde til venstre.  Deretter skal du sy, på vranga, langs heile glidlåsen. Pass på å ikkje så alt for nærme, og heller ikkje oppå den. Då får du den ikkje igjen.:)

Deretter må du stryka stykkene riktig vei, slik at dei holder seg nede. Sy deretter ein fin pyntesøm ved glidelåsen. Ha forresten glidelåasen halvlukka, slik som på bildet under.

No kjem det litt vansklige..  For at glidelåsen skal bli någelunde fin og riktig når du skal vrenge pungen, må den brettast nedover. Altså vrange mot vrange.. Kanskje desse bilda er tydligare enn mine. 🙂 Deretter syr du bare rundt heile pungen, utenom eit lite stykke i foret, som du skal vrenge pungen i. 

Klipp av hjørna. Deretter bretter du sømmane inn mot kvarandre, slik at du får sømmane på kvar side av bretten. Mål opp 2 cm, sy over og klipp av. 🙂

Vreng pungen og sy sammen hullet det du vrengte den gjennom. Og voila! Ny sminkepung, like fin inni som utpå! 🙂

Oppskrifthjelp fann eg på Karistraa 🙂

#diy #hjemmelaga #interiør #sy #gjørdetselv #sminke #hobby #home #oppskrift

9 kommentarer

Siste innlegg