Oppskrift: Sjokolademuffins med sukkerfri vaniljekrem

Vi har kosa oss så med besøk i helga! Etter at Gunn og Jan hadde reist heim for helga så rydda og vaska vi heile leiligheten. Vegard skrubba steikeovnen til den store gullmedaljen i sikkert ein time! Vi fann ut at ei real belønning var fortjent, så no har vi laga sjokolademuffins. Det var jo gjort på 1-2-3 sidan eg hadde ein pakke fra funksjonellmat ståande. Så for å gjere den litt meir avansert så laga vi og heimelaga vaniljekrem, utan sukker. 🙂  Oppskrifta på vaniljekremen er nok ein gang henta hos Linda Stuhaug.

Til sukkerfri vaniljekrem treng ein:

5 dl mjelk  45g sukrin  2 vaniljestenger  30 gr maizenna  3 eggeplommer  

Start med å blande mjelk og sukrin i ei panne. Del vaniljestengene og skrap ut frøa med ei skei, og ha både frøa og stengene oppi mjelkeblandinga. La dette varme seg opp til kokepunktet, og sett blandinga til side og la det stå å trekke seg litt slik at vaniljen får avgitt smak.  I ein bolle for seg sjølv pisker du eggeplommene og maizennamjølet i lag. Ta vaniljestengene utav mjelkeblandinga og tøm halvparten av blandinga over i bollen med egg og maizenna. Rør rudt før du heller alt saman tilbake i kjelen og varmer opp på ny. Hugs å rør heile tida. Når blandinga når kokepunktet så er den begynna å tjukne, så då kan du trekke den til side. Den skal då være passe tjukk, som vaniljekrem, om ikkje la den stå litt lenger på plata. Så enkelt!

Vi hadde altså ein dæsj med vaniljekrem i midten av sjokolademuffinsen før den skulle i ovnen. Og resultatet var himmelsk! Og det beste av alt, kakemixen smaka faktisk godt. Til og med Vegard godkjente den som sjokoladekake. *tommel opp* 😀 No skal vi kosa oss med resten av muffinsane og sjå på White Collar, er heilt hekta:D

5 kommentarer

Siste innlegg