Oppskrift: Mangogodteri!

No var det på tide med ei oppskrift igjen. Eg har tenkt lenge på å laga desse, men det har liksom aldri blitt tid til. I går følte eg at eg hadde all verdens med tid, sidan vi føler oss feridg med bacheloren. Einaste som gjenstår er at mamma skal lesa korrektur 🙂 I alle fall, her kjem oppskrifta på surt gelesnop!

Du treng: 1 moden mango  safta frå ein stor sitron  4 ss gelantinpulver  0,5 dl vatn  evt nåken dråpar med stevia (eg sløyfa dette då eg ville ha surast mulig godis)

♥ Kjør mangoen og sitronsafta til ein fin puré. eg brukte ein stavmikser. Eg sto litt ekstra lenge, sidan eg ville ha minst mulig mangokjøtt i godteriet. Deretter varma eg opp pureen med 0,5 dl vatn, og tilsette ei og ei skjei med gelantinpulver. Rør godt rundt slik at det ikkje blir klumpar av pulveret. Avkjøl blandinga før du tømmer den over i silikonformer. Det blir ei stor blanding så du må enten ha mange former, eller legge bakepapir i ei ildfastform så du kan skjere ut firkantar når den har stivna. 

Nyt!

6 kommentarer

Siste innlegg