Pakketips til ferien!

No er det ikkje lenge før det er ferietid! Neste helg reiser eg på ferietur, men eg har ingen anelse på kor vi skal..Gøy! 😀 Eg har i allefall laga ei lita huskeliste på det som er viktig å tenke på når ein skal pakke til ferien, og då varmare strøk. 🙂

♥ Ting du må ha med: Passet, bankkort, reisepapir og litt cash

♥ Husk å sjekk at passet ikkje er gått ut på dato. Ved avreisedato må det og være minst 6 månadar til det går ut på dato. 

♥ Lader. Husk lader til alt. Kamera, mobil osv. Det mest kjedelige i heile verden er at kameraet går tom for batteri, også har du glømt lader. 


♥ Snacks og drikke. Eg trenger i allefall alltid nåke meir enn maten vi får på flyet. Den er ofte tørr og kjedelig. Litt nøtter, frukt, sjokolade og vatn er deilig å ha tilgjengelig i veska. 

♥ Skjerf. Eg har alltid eit skjerf med meg på flyet, uansett om eg skal til Tyrkia eller til Bodø. Dette er pga airconditionen som dei alltid skal ha på fullt.. Aircondition og meg = forkjøla, og eg nekter å starte nåken reiser med sjukdom! 

♥ Ekstra skift. Ha alltid eit ekstra skift i handbagasjen, evt lettare kler som du kan kle deg i når du kjem fram. Det å sitte i varm bukse og genser på vei til hotellet er døden. Derfor har eg alltid med meg ein skjorts eller eit skjørt som eg bytter til på flyplassen når eg landar. Dessuten kan kofferten bli vekke på veien, og då er det greit å ha bikini og skjorts klar uansett. 

♥ Ha verdisakene i handbagasjen. Det kan skje at bagansjen blir vekke eller blir stjelt, og då er det greit at ikkje kameraet til fleire tusen ligg i den. Kjipt med alle feriebildene som blir borte. 

♥ Øyreproppar. Øyreproppar er gull verdt på flytur. Det stenger skrikande ungar og flybråk ute, og gir meg rolig og god musikk til å sove på.

♥ Tenk i gjennom kva du treng. Du treng ikkje fem skjortsar til ein sjudagars ferie.

♥ Ta alltid med fleire bikiniar! Det verste eg veit er når eg får stygt og tydelig bikiniskille. Dessutan kan det fort bli krise om den eine blir ødelagt.

♥ Ta med mask tre par sko: Converce, ballerina og sandalar. 

♥ Pakk klær som kan miksast, då treng du færre klesplagg. Du treng ikkje ein ny kjole for kvar dag, og tenk heller basisplagg som kan brukast til alt. 

♥ Ha litt ekstra plass på vei ned. Eg likar i allefall å ha muligheten til å kjøpe nåke når eg er på tur, og det verste eg veit er å betale overlast. Vegard er heller ikkje så fan av at eg bruker han koffert fordi eg har handla for masse..

 

♥ Solkrem! Alltid husk solkrem. Sola er mykje sterkare enn kva vi er vane med her i Norge. Eg har i alle fall så lys hud at eg ikkje kjem unna å bli solbrent uansett. Eg har med meg alt i frå faktor 10 til 30. Anbefaler og å kjøpa solkrem før du reiserHeldigvis er eg ikkje blitt voksen endo, så mamma kjøper den fortsatt til meg 😉

♥ Ta shampoo og balsam over i små reiseflasker. Du får brukt favoritten din, pluss det tar mindre plass. Flasker får du kjøpt på HM.

♥ Førstehjelp. Om du ikkje reiser med ein sjukepleier (dei har alltid allt slik med seg), så må du nok pakke litt sjølv. Paracet, idoform, plaster, eksemsalve osv. 🙂

♥ Handkle. Du kan alltids kjøpe hånskle der du skal, men eg synes det er best å ha med mitt eige. Det er allerede vaska fleire ganger og absorberer i det minste vatn, i forhold til dei du kjøper på stranda til 50 kr. 

 

Her er eit bilde av ein fisk Vegard fanga på Sicilia. :p

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg