DIY: fra gammal til ny

Eg har lenge hatt lyst på eit vitrineskap i frå IKEA. Dette skapet er tydligvis gått ut av produksjon, og eg var hellerikkje interessert i å betale mangfoldige tusen kroner, på møbelforetning, for eit skap eg likte. Derfor blei det til at eg fekk/tok med meg eit furuskap som pappa hadde heime. Skapet er over 20 år gammalt, så det har sin sjarm. Det var eigentlig eit skap med glas heilt ned eg ville ha, men når eg tenker over det no er eg glad for at det har litt dekkande dører også. Er godt å få gjømt vekk litt og.  

Først vaska eg grundig med salmiakkvatn. Ps: ikkje lukt på flaska… Deretter grunna eg med heftgrunn. brukte ein liten boks på 0,65 l. Så malte eg med Lady interiørmaling, i fargen klassisk kvit. Det var litt av ein jobb med alle krinkar og krokar inni skapet, men eg trur der er verdt det. Eg stressa ikkje med å unngå maling på vindauga, for det var det bare å skrape vekk når det var tørka. Einaste problemet var at det ikkje var så lett å skrape vekk slik at det blir veldig beint og fint. Så nett no, ser det ikkje 100% bra ut. Men, mamma skal ikkje på besøk endo 😉 

#interiør #hjemme #diy #maling #gjørdetselv 

8 kommentarer

Siste innlegg