Svake menneske

Ups, denne kom litt spontant inn i familien.. Eg satt på Facebook ein kveld og kikka, då denne fine veska dukka opp på ei kjøp og salg gruppe for jenter i Kristiansand. Ho som tidligare hadde hatt den kjøpte den i oktober, og den var brukt 2 ganger. Ho sku heller ikkje ha så alt for mykje for den! No hadde jo ikkje eg tenkt å kjøpe ny veske, men eit sånn tilbud kunne eg ikkje la gå i frå meg :-p

Bare sjå, ein liten perfekt sak! Super til å ha med seg på byn og andre plassar kor dei andre veskene mine blir for store! Jo, heilt klart eit godt kjøp! Dessuten hadde eg nok ikkje kjøpt den om det ikkje var for at eg synes synd i meg sjølv då Vegard er i Bodø 😉

#marckjacobs #veske #innkjøp #shopping

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg