Tapas: Dadlar med bacon og jordbær og butterdeigrullar!

Ein super snacks til partybordet må være dadlar med bacon og jordbær. Sammensettingen av det salte og søte er heilt nydelig! Så enkelt, men likevell så genialt! Ein anna rett som var ny for meg er butterdeigsnurrar. Butterdeig har eg egentlig aldri hatt i hus, men det var jo egentlig smart det og. Og ikkje minst er det noko dei aller minste kan knaske i seg, det er bare å variere fyllet!

Dadlar med bacon og jordbær:

Du treng:

  • Dadlar i lausvekt fra fruktdisken
  • Bacon i skiver
  • Jordbær delt i to
  • Tannpirker utan menthol

Slik gjer du:

  • Del dadlane i to og ta ut steinane
  • Del baconstrimlene i tre. Ei strimle skal være nok til tre halve dadlar.
  • Surr bacon rundt dadlane og fest med ein tannpirker.
  • Steik dadlar og bacon på bakepapir nederst i ovenen. 
  • Steik på 190 grader i ca 20 min. Etter 20 min så tok eg og på varmluft, slik at dalane blei veldig godt steikt. Dette gjorde at dei fekk ein deilig karamellsmak! Men pass på så dei ikkje blir for mykje steikt.
  • La dadlane kjøle seg ned.
  • Stikk eit halvt jordbær på kvar pinne og server!

Butterdeigsnurrar:

Du treng:

  • 1 pk fryst butterdeig
  • 1 glas tacosaus
  • 2 pk kjøttpålegg (skinke, salami osv)
  • Kvitost

Slik gjer du:

  • Legg butterdeigplatene utover bordet slik at dei tinar.
  • Kjevle butterdeigen ut til dobbel storleik, bruk gjerne litt kveitemjøl.
  • Fordel tacosaus, skinke og ost utover.
  • Rull sammen buttterdeigen til pølser og frys dei ned i aluminiumsfolie eller matpapir.
  • Når du skal servere rullane tar du dei enkelt opp av frysen og skjærer opp skiver på ca 5 mm.
  • Legg på bakepapir og steik ved 200 grader i ca 15-20 min. Til dei er gyldne.  Ps: dei hever seg litt!

For fleire variantar kan du fylle med feks: spekeskinke og parmesanost, eple og kanel, fetaost og skinke osv. Bare fantasien setter grenser! 

 Dette fyllet til butterdeigrullane kjem fra Elins matgleder

2 kommentarer
    1. Oi, dadler med bacon og jordbær har jeg aldri smakt før! Har alltid vært litt skeptisk til dadler, men i det siste har jeg faktisk brukt det litt i matlaging og det er jo godt! Må nok få testet ut dette i løpet av sommeren! 😀

    2. Tattavkvinnene: Har aldri likt dadler sjølv, men når dei blei tilberedt på denne måten så blei dei faktisk gode! 🙂 anbefales!

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg