Ein sjølvskriven rett på tapasbordet er Albondigas eller Spanske kjøttboller med tomatsaus! Desse kan ein jo og servere med spagetti til bolognese.
Du treng:
- 500 g kjøttdeig / karbonadedeig
- 1 Egg
- Litt mjelk (ca 0,5 dl)
- 1 finhakka liten løk
- 1-2 fedd kvitløk
- 1/2 raud chili
- Strøkavring eller 2 skiver loff (utan skorpe)
- 3 ss riven parmesan
- Litt riven Muskat
- 1 ts Salt
- 0,5 ts Pepper
- evt litt hakka persille
Slik gjer du:
- Bland kjøttdeig, løk, kvitløk, chili, egg, loff og mjelk godt saman.
- Tilsett krydderet.
- Ha kaldt vatn i ei skål. Fukt henda og form små bollar med ei teskjei.
- Steik på middels varme i ei steikepanne. Bruk enten smør eller ei nøytral olje.
Spicy tomatsaus:
Du treng:
- Litt rapsolje
- 1 finhakka liten løk
- 1 boks hermetiske tomater
- 1 ss tomatpurè
- 1 fedd kvitløk
- 1/2 raud chili
- 1/2 ts tørka timian
- 1/2 ts salt
- 1/2 ts pepper
- 1 dl utblanda buljong
Slik gjer du:
- Steik finhakka løk og kvitløk til dei er gyldne
- Rør inn tomatpurè og hakka tomater
- yTilsett krydder og buljong
- La alt koke opp i ca 15 min på lav varme (jo lenger jo bedre, men då må ein spe på med vatn)
- Klar til servering!
Tips fra: Hverdagsmat.
#godtno #tapas #albondigas #kjøttboller #middag #fingermat #matprat #snacks #spansk #spania #spicy
0 kommentarer