DIY: Nissefigur

Her kjem eit lite tips til ein fin og personlig julegave du kan lage. Eg kjøpte mønsteret mitt på Stoff og stil, men det ser ut til at dei bare har det i butikk 🙂

  • Start med å tegn opp og klipp ut alle delane på eit matpapir. 
  • Legg matpapirdelane på stoffet, og klipp rundt. 
  • Sy delane sammen. Eg begynte med å sy sammen nase og bein. Det var litt vanskelig, sidan  dei var så små og eg måtte fylle dei med vatt. 
  • Sy beina på kroppen. Deretter sydde eg skjegg og nase på samme del.
  • Sy så på toppen/nissehua.
  • No kjem det som er litt vanskelig, bunnen. Her sleit eg litt med å få det beint og fint, men det gjekk til slutt. Bare husk å bruke nok nåler når du fester rundt.
  • Sy så frå tuppen av nissehua og nesten ned til skøyten til kroppen, og fra bunnen og nesten opp til skøyten igjen. Du må ha ein liten åpning her siden du skal vrenge heile nissen og fylle den med vatt. 
  • For at nissen skulle bli meir stabil så sydde eg ein “pung” med stein i. Den la eg på bunnen av nissen før eg fylte den med vatt.
  • Deretter sydde eg sammen hullet bak for hånd.

#diy #gjørdetselv #hjemmelaga #håndarbeid #handarbeid #stoffogstil #sydet #sydetselv #nisse #julepynt #aftenposten #rom123 #kreativitet 

6 kommentarer

Siste innlegg