DIY: Poseholder

Ein superenkel og kjapp gave til foreldre, besteforeldre, tanter og onklar må nok være denne poseholderen. Ikkje bare er den praktisk, men ein kan jo og variere utsjånaden til det utallige! Det er så mykje flotte stoff å velge mellom, så det er bare å finne det som passar til kjøkken eller vaskerom til personen som skal få den. Ei vanlig bredde med stoff på Stoff og Stil er som regel 135 cm brei. Kjøper du då 60 cm lengde av stoff-rullen får du to poseholdera. Det beste av alt er at det tar svært kort tid å lage desse, så lenge du forstår oppskrifta, noko eg trur dei fleste som har hatt kunst og håndtverk på skulen gjere. 

Du treng:

  • Valgfritt stoff, gjerne noko som tåler ein støyt og er litt robust. 
  • Strikk
  • Sikkerhetsnål
  • Symaskin
  • Måleband
  • Saks

Slik gjer du

  • Kutt opp stoffet i rektangel på 67 cm (lengde)x 55 cm (bredde)
  • Brett kanten oppe på lengden ned 6 cm og sy ein søm langs kanten.
  • Brett kanten nede på lengden ned 4 cm og sy ein søm langs kanten.
  • Sy deretter ein ny søm ca 1-2 cm lengre mot kanten enn den tidligare sømmen, no lager du ein “løpe” der strikken skal ligge på plass. 
  • Sy breddene sammen, ikkje sy der strikken skal komme ut!
  • Fest strikk på ei sikkerhetsnål og tre igjennom. Stram til og knyt. Eg brukte ca 23-24 cm med strikk i kvart hull, det avhenger litt kor stort hull du vil ha. 
  • Sy ein søm slik at heile bredda henger sammen, fra topp til tå.
  • Til hanken bruker du dei siste 5 cm med stoff du klipte av.
  • Hanken brettar eg bare fint til slik at det ikkje viser nokon “sårkant”. Sy deretter over.
  • Fest hanken og voila!

 

Poseholderen blir ca 57 cm lang. 

Under ligg det nokre bilder som kanskje kan gjere forklaringa enklare:)

 

Praktisk og fin!

#poseholder #posepølse #plastikk #dekor #interior #aftenposten #rom123 #kamille #diy #gjørdetselv #smart #triks #hjemme #kjøkken #oppbevaring #hjemmelaga #dy #sydet #sydetselv

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg