DIY: Skinnveske

Eg har sydd meg ei superenkel veske! Den er som eit nett, men eg valgte å bruke skinnimitasjonsstoff så den ser litt skikkeligere ut enn eit nett. Og det beste av alt? Heile veska kom på den nette sum av 54,95 kr!! Er det mulig! 

Dette treng du:

  • Skinnstoff, eller anna stoff. Eg kjøpte 55 cm så hadde eg litt ekstra på bredden.  På eit stykke med 55 cm så fekk eg ei veske i bredden. Lengden på stoffet er 135 cm.
  • Symaskin
  • Møbel- eller jeanstråd.
  • Saks

 

Slik gjer du:

  • Klipp ut alle delane. Eg var litt usikker på kor stor veska skulle være, men eg brukte eit passepatur som måler 50 x 40 til å tegne opp der eg skulle sy. Husk 2 cm sømmonn. Så delen du klipper ut må være minimum 52 x 42 cm.
  • Hanken er 85x 12 cm
  • Skøyt hanken om du ikkje har nok stoff til å klippe ut heile lengden. 
  • Legg hanken rette mot rette på langs og sy ein lang “tube”. Vreng den.
  • Sy veska på langsider og bunn. Klipp 
  • For å sy bunn i veska bretter eg den inn slik at bunnen vises. Tegn ein strek 4 cm fra enden og sy over. Kor langt inn du velger å ha streken avhenger av kor stor bunnen blir.
  • Klipp av der du har sydd, og vreng. Ønsker du å ha bunnen enda større syr du bare litt lenger inn. 
  • Vreng tilbake og brett ned kanten ved åpningen. Her kan du justere å sjå kor lang du vil ha veska.  Kanten min er ca 3,5 cm, altså har eg bretta 7 cm stoff inn. ( Neste gang vil eg sy handtaka på i samme sleng som eg syr bretten. Då slepp eg å få dobbel søm rundt kanten. )
  • Sy langs kanten. 
  • No skal du sy på handtaka. Dei plasserte eg 6 cm i frå sidesaumen. Sy rundt og i kryss. 
  • Kanskje eg skal sy to saumar langs skulderreima, slik at den blir “flatare”.

 

Under er det steg for steg bilder: 


Her har eg tegna opp korleis stoffbitane skal bli klipt ut av stofflengda. Bredden på stoffet er 55 cm og lengden er 135cm 🙂 Husk sømmonn!

 

#diy #sy #hjemmelaga #interior #mote  #gjørdetselv #fashion #diy #gjørdetselv #hobby 

#kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips #hverdagstips #hverdag #blogg #side2 #aftenposten  #sydet #syom

12 kommentarer

Siste innlegg