Oppskrift: Heimelaga plommesyltetøy med kanel

Vi var så heldig å få ein stor kasse med deilige plommer i fra hagen Bessen og Besto. Vi kunne jo ikkje akkurat sette oss ned å ete alt sjølv, så eg fann ut at eg kunne prøve meg på heimelaga syltetøy. Eg googla litt rundt og kom fram til denne kombinasjonen eg har delt med dåke under. Eg fekk ganske mange glass ut av 3 kg med plommer, så om ein bare skal lage til frokostbordet sitt så vil eg kanskje anbefale å bruke 500 gram plommer i staden for.

Du treng:

  • 3 kg plommer (uten stein)
  • 2 sitroner
  • 6 dl sukker
  • 1 pose kanelstang
  • 2 ts kanel
  • 2 epler
  • 1 pose syltepulver
  • Maizena til ønska konsistens (Eg brukte 3 ss og 2 dl vatn)

Slik gjer du:

  • Ta steinen ut av plommene.
  • Skrell og del eplene, husk å fjerne kjernen og frøa. Bruk gjerne eit syrlig eple.
  • Tilsett safta av to sitroner.
  • Bland syltepulveret med sukkeret og hell det over blandinga.
  • Ha i kanelstengene.
  • Rør godt sammen og la det stå ei lita stund, til safta av plommene har begynt å sive ut.
  • Kok deretter blandingen opp og la det bare småkoke til det blir mørt.
  • Ta utav kanelstengene og kjør det heile til ein jevn masse med stavmikseren.
  • Tilsett deretter kanel til ønska smak.
  • Tilsett og maizena blanda ut i kaldt vatn. Her må du sjølv bestemme kor tjukt eller flytande du vil ha syltetøyet. Det er ikkje nødvendig å bruke maizena.
  • Ha syltetøyet på varme og tette glass. Sett glassa på hovudet når du har fylt dei med syltetøy, så ser du om dei er tette.
  • Gi deretter vekk eit glas og to til folk du er glad i! <3

Alle desse glasa pluss enda eit av dei med grått lokk kom det ut av 3 kg med plommer. Her må eg nok dele med naboane!

Eg ville gjere litt ut av glasa eg skulle gje vekk, så her har eg brukt kanelstengene som eg hadde i syltetøyet til dekorasjon. Bare vaska dei godt først, slik at dei ikkje var klissete. Så koselig å haustlig<3

Eg var inne til naboen vår på 80 år med dette glaset og ein pose med ferske plommer, han blei så glad!<3

Takk til mine snille besteforeldre som sende meg slik luksus, fra Vestlandet til Sørlandet!

#heimelaga #hjemmelaga #plommesyltetøy #kanel #godtno #matprat

#mytaste #aftemposten #kamille #kjøkken #oppskrift #deilig #høst #haust  #plommer 

13 kommentarer

Siste innlegg