DIY: Lysestake i betong

Før jul hadde eg så mange prosjekt på gang at eg ikkje hadde mulighet til å dele alt. Eg kjøpte meg ein sekk med 25 kg betong, og sette i gang med friskt mot. Eg laga mange forskjellige lysestarar. Det einaste så var dumt var at eg ikkje hade lyshylser til å sette nedi betingen, så dei fleste stakane blei faktisk ikkje så fine som eg hadde forventa meg, då lysa ikkje sto beint. Nestegang skal eg bruke lyshylser! Uansett, eg fekk i alle fall laga nåken lysestakar som blei greie, og under deler eg metoden eg gjorde det på 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Fin betong (kjøpte min på Megaflis)
  • Isboks
  • Melkekartong
  • Tape
  • Tapetkniv
  • Olje
  • Lys eller lyshylser
  • Møbelknottar

Slik gjer du:

  • Start med å vaske og skjære til melkekartongen. 
  • Smør litt olje på innsida av kartongen. Dette er for at det skal være enklare å få betongen laus når den har størkna. 
  • Bland betong etter blandeforholda på pakken. Trur eg bruke 4:1, 4 deler betong og 1 del vatn. 
  • Rør godt og hell blandinga oppi dei smurte melkekartongane. 
  • Stikk eit lys nedi betongen. Neste gang skal eg bruke lyshylser, slik at eg ikkje treng å bevege på lyset når betongen skal størkne. HER finn du lyshylser.
  • La betongen stå å tørke ein dag og to før du tar den utav kartongen. 
  • Puss forsiktig vekk overflødig støv og sett på møbelknottar under. 

 

SAMSUNG CSC

No kan du male dei eller bare la dei være som deri er. Eg valgte å male halvparten av staken i sølv.

SAMSUNG CSC

Eg har og valgt å legge møbelkottar under stakane, så dei ikkje skal skrape opp bord og liknande. Veldig praktisk!

SAMSUNG CSC

#diy #gjerdetsjølv #gjørdetselv #hobby #betong #redesign #design #aftenposten #rom123 #hjemmelaget #heimelaga

16 kommentarer

Siste innlegg