Oppskrift: Boller for sarte mager

På søndag hadde vi fastelavenfest heime hos oss. Vegard baka nydelige lufttige bollar til gjestene, så laga eg meg nåken eigne bollar så eg skulle sleppe å få så vondt i magen. Dette var eit lite testprosjekt, bare for å sjå korleis magen reagerer forskjellig på speltmjøl og vanlig kvitt kveitemjøl. Desse bollane var ikke spesielt søte, men dei var absolutt gode. Og det beste av alt er at eg ikke låg på sofaen med magesmerter resten av kvelden.! Fra no av blir det pizzabunn med spelt!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 25 gram fersk gjær
  • 300 gram skyr naturell eller vanilje
  • 2 dl lunken eplejuice
  • 1 ts kardemomme
  • 1 knipe salt
  • 150 gram Fibramel
  • 150 gram siktet speltmel + litt ekstra til justering

 

Slik gjer du:

  • Smuldre gjæren i ein bolle, og varm opp eplejusen til kroppstemperatur.
  • Bland ut gjæren i eplejusen. Tilsett Skyr, kardemomme og salt. 
  • Bland inn mjølet litt og litt. Bruk gjerne eit dørslag, slik at mjølet blir silt fint. 
  • Elt deigen godt i  10 minutt. 
  • Dekk til bollen og sett til heving på ein lun stad i minst ein time.
  • Form deigen til bollar og sett til etterheving i ca 15 min. Eg måtte bruke ein del ekstra speltmjøl, for deigen var svært klissete.
  • Pensle med egg og steikast på 200 grader midt i ovnen, i ca 15 minutt. Avkjøl på rist.

 

 Tips: For å få bollane søtare og finare i konsistensen, så kan du bare bruke speltmjøl, og evt tilsette litt honning, sukker, sukrin, eller nåke søtt.

I oppskrifta står det at ein skal forme deigen til 6 bollar. Dette blir 6 svære bollar, så du kan trygt dele deigen i 10-12 bollar. Her er eit bilde av tre bollar på ein middagstallerken:

SAMSUNG CSC

Siden vi feira fastelaven hadde vi godt med krem i bollane, og bordet pynta med bjørkeris.

SAMSUNG CSC

For spesielt interesserte: Heile oppskrifta inneheld “bare” ca 1300 kcal. Altså, ikkje så veldig mykje om du deler oppskrifta opp i 10 bollar. 

Oppskrifta fann eg på Fitfocuse sin blogg. 

 

#oppskrift #godtno #boller #matprat #sunnmat #studentmat #rundstykker#fastelavn #fastelaven

#fastelavensboller #sukkerfri #bakeutensukker #diamat #boller #gjærbakst #supersunn #familiemat #sukkerfri#bakst

7 kommentarer

Siste innlegg