Oppskrift: Sunn og god, heimelaga fiskegrateng!

Tidligare i veka crava eg fiskegrateng så intenst at eg sto med ein ferdig frossenpakke i handa på Rema100. Eg kom heldigvis til fornuft og kjøpte heller med meg torskefiletar heim, slik at eg kunne lage ein skikkelig heimelagea ein. Det smakar jo bare så mykje bedre! Det fine med denne retten er at ein kan lage den kvelden i forveien, og sette den klar i kjøleskapet. Topp med havregryn og ost før den blir sett i ovenen i ca 15 min. Kjapp middag er jo det beste etter jobb!

Du treng:

  • 5 filetar kokt fisk (eg brukte torsk)
  • 250 gram ukokt makaroni (ein halv pakke)
  • 4 dl melk
  • Ei klype salt, pepper og malt muskattnøtt
  • 4 ts maisenamjøl
  • 2 eggeplommer
  • Litt knust havregryn eller griljemel
  • Litt ost til topping

Slik gjer du:

  • Kok opp vatn og legg torskefiletane til trekking i ca 15 minutt. Tilsett litt salt. Når filetane er ferdig kokte deler du dei i mindre betar (eg reiv dei i fra kvarandre litt tilfeldig).
  • Kok makaroni. Her tok eg bare ein ca mengde (halv toroboks) og det passa fint til ei stor ildfast form og mengden med fisk.
  • Kok opp mjelk og krydder ilag. Rør 4 ts med maisenna ut i 3-4 ss kaldt vatn. Tilsett maisenablandinga forsiktig i mjelka mens den koker. Rør til du får ein tjukk og jevn saus. Sett sausen til sides slik at den ikke kokar, og ha i to eggeplommer. Rør godt. 
  • Bland fisk og saus forsiktig saman, slik at fisken ikkje forsvinn. Ikke bland all sausen inn no, dette for å kunne tilpasse om du får for mykje saus etter eige ønske. 
  • Bland makaroni, fisk, saus ilag i ildfast form. Tilsett gjerne litt grønsaker etter ønske. Eg blanda i litt gulrot og erter. Tilsett resten av sausen om du vil.
  • Strø litt knust havregeryn over blandinga og topp med litt ost. 
  • Sett forma i ovnen på ca 180-200 grader i ca 15 – 20 min til osten er blitt gylden. 
  • Server med litt grønt, evt potet og litt ketchup 😉

Ser at bildene ikkje blei av verdens beste kvalitet.. Note to self: husk å lade kameraet!

Inspirasjon er henta i frå denne bloggen

#oppskrift #middag #matprat #godtno #fisk #enkelmat 

9 kommentarer

Siste innlegg