Oppskrift: Kokos- og limeis

SAMSUNG CSC

Kokos er nok ein av favorittane til Vegard, ikkje skjønner eg det.. Men, god kone som eg er fant eg ut at eg ville prøve å lage kokosis til han! Eg tenkte at om eg heiv i lime så kunne isen kanskje bli litt frisk og god. Om du ser nøye på isane så ser du at dei har skilt seg litt på midten.. Så neste gang trur eg at eg kjem til å bruke lett kokosmjelk slik at det ikkje skiller seg slik 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 1 boks (4 dl) kokosmelk
  • 1,5 ss kokosmasse
  • 4 ss sukker
  • safta og raspa skall av ein lime
  • 0,5 dl vatn

Slik gjer du:

  • Bland vatn, sukker og kokosmasse og kok opp til sukkeret er oppløyst. Avkjøl (om du har tid)
  • Tilsett kokosmelk, limesaft og limeskal og rør godt. Få vekk evt klumpar som er i kokosmelka. 
  • Hell over i isformer eller boks. La stå i frys i alle fall ein par timar til dei er stivna

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#is #sommer #godtno #matprat #friskis #kokosis #kokos #sommer #summer #oppskrift

6 kommentarer

Siste innlegg