Oppskrift: Nydelig glutenfri foccacia

På forrige var vi som sagt på bakgårdsparty på butikken til Kristin, og i den forbindelse fekk eg i oppdrag å bake ein glutenfri foccacia. Eg har gjort det ein gang før, men den var ikkje heilt vellykka synst eg. Denne der i mot, den skal eg definitivt lage fleire ganger. Den var både saftig og god på smak, virkelig ein suksess! 🙂

Nam! Den blei heldigvis godt tatt i mot av alle 🙂

Du treng:

  • 290 gram glutenfritt mjøl
  • 3 dl lunka vatn
  • 1 pose tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 2 ss olivenolje
  • Rosmarin, oliven, fetaost, soltørka tomater, olje og salt til topping. 

 

Slik gjer du:

  • Bland saman det tørre.
  • Tilsett vatnet, det er viktig at det holder ca 37 grader.
  • Bland godt i kjøkkenmaskin.
  • La deigen heve i 30 minutt under plast. Eg hadde skrudd ovnen på 50 grader før eg starta å bake, og skrudde ovnen av før eg satte inn deigen for heving. Lunt og godt 🙂 
  • Kle ei lita langpanne (24×30 cm) med bakepapir og smør det med olje. Hell deigen oppi og trykk de litt utover. Deigen vil ikkje dekke heile panna, men det gjer ikkje noko.
  • Lag “fingerhull” i deigen og hell over litt olivenolje og valgfri topping.
  • Steik ved 220 grader i 20-30 minutt.
Her har eg trykt deigen litt utover langpanna. Ein kan sjå at den ikkje dekker heile panna.

Oppskrifta fant eg hos DetLilleHuset.blogspot.no
 

#oppskrift #glutenfritt #glutenfri #matformagen #lavformap #smartmat

7 kommentarer

Siste innlegg