Oppsummering Juni:

Bedre seint enn aldri, eller ka? Sommaren har egentlig flydd litt forbi meg, og alt eg har hatt på “to do” lista mi etter at eg kom til USA, har blitt nedprioritert i varmen. No er vi tydeligvis inne i ein skikkelig regnperiode her borte, så eg får endelig litt tid til inneaktivitetar, som å sitte på pc og være kreativ 🙂 Her kjem i alle fall ei oppsummering av juni månad. Juli er forhåpentligvis rett rundt hjørnet.. 😉

———————————————————————————————————————————————————————-

02.06: Eg starta dagen med ein joggetur til Hamresanden før det var grilling med gode venner hos Helge. Sola steikte på terrassen, så vi holdt på å smelte vekk. Fleire bilder finn du HER.

03.06: Fredag satt eg på med Vegard til Kjevik og gjekk heim igjen på morgenkvisten. På ettermiddagen reiste Linn, Anette, Tanja og eg til Hamresanden for grilling og soling. Eg gjekk heim i 18-19 tida, for då var det på tide å komme seg heim til middag og Idol!

04.05: Eirik og Linda inviterte til innvielse av den nye utesofaen sin, og vi var ikkje vonde å be! Kvelden blei derimot litt lenger enn eg hadde planlagt, då vi møtte ein kollega av Vegard, og kona, på byen og dei ville ha oss med på narch. Heldigvis hadde vi med oss ein sjåfør, så vi blei kjørt heim i 06 tida.. Zzz, søndagen gjekk med andre ord vekk til soving og soling..

06.06: Eg hadde date på Bystranda med Therese, ei eg har studert med, og vi var klare der kl 11! Ein heilt fantastisk dag med knall sol! Les meir om den HER.

11.06: Utdrikkningslag til Eva! Veldig kjekt at eg fekk med meg dette, siden eg var reist heim når bryllupet var. 🙂 

12.06: Marthe tok ein haug med bryllupsbilder av oss på Hamresanden! Åhh, så mange fine 😀

14.-19.06: Eg reiste ein tur heim til Kvinnherad for litt butikkjobbing, barnepass og familiekos. 

21.06: Tirsdagskonsert på fiskebrygga med Linn, Anette, Mona og Harry.

22.06: Gradueringsparty på Kjevik.

24.-26.06: Reiste til Bergen for å delta i utdrikningslag til søskenbarnet mitt, Silje. Ho blei virkelig tatt på senga! Vi hadde ein kjempe kjekk dag i klatreparken i Bergen og nydelig tapas til seint på kveld. Skal sjå om eg får lagt ut litt fleire bilder fra dagen 🙂

30.06: Simen kom på besøk for Palmesushelga og eg og Vegard driv på å et ut av frys og skap. Vi inviterte Martin bort på tidenes kjøttmåltid med hjort og lam frå Kvinnherad. Ein type “last supper” i Vigvollåsen!

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg