Murica bound – 1 år i USA

No kan eg tenke meg det er ein del spente sjeler heime som ventar på ei oppdatering i frå oss over dammen. Vi kan meddele at vi har det heilt fantastisk! Vi har på tre dagar klart å ordne oss telefonnummer, bankkonto, hente og kjøpt bil og fått bestilt nye bilskilt! Altså, dette er ting som vi forventa skulle ta langt over ei veke, så vi er rimelig happy. Vi har ikkje akkurat fått pakka ut alt av kle enda, siden vi ikkje har overtatt leiligheten vi skal bu i dei neste 3 mnd. Den får vi i morgon/idag (mandag). *jippi*. Då kan eg endelig begynne å få det litt heimekoselig, og ikkje gå rundt med følelsen av at vi er på ferie og bur i koffert 🙂 

SAMSUNG CSC

To fornøyde jenter på mellomlandingen i Atlanta! Vi fekk faktisk all bagasjen, det var meir enn vi hadde håpa på.. 🙂

DCIM100GOPROGOPR0020.

Vi har kjørt mykje rundt i leigebilen til Eirik og Linda dei siste dagane. Blitt kjent med område vi bur i, småbyane rundt og fått shoppa litt av kvart til leiligheten. 

DCIM100GOPROGOPR0016.

“Kjærlighetsbenken” ligg 20 meter fra balkongen vår 🙂

Her har vi akkurat tatt ut 1000 $ i cash for å betale tax til biltilsynet ved kjøp av bil. Etter at vi hadde signert alt og nesten var klare til å gå, så kom sjefen bort til oss og sa at det var riktig slik vi sa, at folk som tilhørte den gruppa vi gjorde ikkje skulle betale tax ved kjøp av bil. Så slik blei det då at vi fekk tilbake dei 1000$ vi hadde tatt ut 10 min før. Lykkelige gjekk vi ut av DMV (biltilsynet) med eit midlertidig bilskilt og 14000 kr meir enn vi trudde vi skulle ha! For ein lykkedag!

Her er bassenget vi har 10 meter fra balkongen vår. Altså, kan det bli bedre? I huset til høgre ligg treningsrom og spelerom, og bak det ligg det ein tennisbane som er åpen heile døgnet. 

DCIM100GOPROGOPR0013.

Eg trur absolutt vi skal få det fint her dei neste 3 månadane! 

#usa #florida #iviusa #camaro2ss #flytte #reise 

8 kommentarer

Siste innlegg