Her er leiligheten!

Her er leiligheten vi bur i her i Florida! Ikkje dei aller beste bildene, då det var så lyst ute når eg prøvde å ta bilder.. Den er ikkje akkurat så veldig personlig inspirert då, men det er det vi har nett no. I slutten av august kjem alle tinga våre, så då skal eg sjå om eg får til å filme heile leiligheten til dåke 🙂 ​Vi har to soverom, to bad og ikkje mindre enn tre tv´ar.. Så vi har det rimelig greit her 🙂 

Her er stova vår. Ut terassedøra har vi ein liten platting og frå den ser vi rett bort på bassenget.  Sofaen er ikkje akkurat førstevalget mitt då, men hey vi har i det minste komt til “duk og dekka bord” her 🙂
SAMSUNG CSC

I frå stova ser vi bort på spisebord og kjøkken. Ved sida av kjøleskapet er det inn til eit vaskerom som har ein vaskemaksin og ein tørketrommel. Alt går visst i tørketrommelen her, og eg skal innrømme at det er veldig deilig! På butikken skjønte dei ikkje ka tørkestativ var ein gang..:p

SAMSUNG CSC

Kjøkkenet er lite praktisk med tanke på benkplass.. Det er i alle fall ikkje mulig å være to om å lage mat her nei :p Men det har alt vi treng, sjølv om det kanskje er litt lite med kun 4 av kvart servise.. Oppvaskemaskinen må gå minst ein gang til dagen ja!

Her er soverommet vårt 🙂 Gjesterommet er heilt likt. I frå soverommet vårt har vi inngang til badet som vi bruker. Det andre badet har inngang i frå stova/gangen. 

SAMSUNG CSC

Klesskap med god plass til alle mine kle og Vegard sine 🙂

SAMSUNG CSC

Så då har dåke endelig fått sett litt andre bilder enn kun basseng og strand 😉 

SAMSUNG CSC

#iviusa #usa #florida #utlandet #interiør #interior 

7 kommentarer

Siste innlegg