Oppskrift: Ovnsbakte kokebanan-chips

Kva er kokebanan? Det tenkte eg og når eg såg denne frukta/grønnsaken på butikken. Når eg har sett den på innvandrerbutikken i Kristiansand så har eg egentlig bare tenkt at det har vært ei massiv og umoden banan. Men etter at eg kom øve denne bloggen så fant eg ut at dette måtte eg gje eit forsøk. Eg er veldig for å teste nye typar grønnsaker og frukt, så Vegard blei faktisk ikkje litt overraska når eg kom heim med denne eine massive banana her. Han bare himla litt med augene og lurte på ka nytt eg skulle prøve no.. :p

SAMSUNG CSC

Kokebanan er ikkje som ei vanlig banan. Den er stor, grønn og kan reknast meir som ein grønnsak enn ein frukt. Den kan heller ikkje etast rå, og bør då varmebehandlast ved å enten bli grilla, kokt, steikt eller frityrsteikt. I Norge har eg aldri før sett kokebanan på vanlig matbutikk, så eg tipper ein må på ein innvandrerbutikk eller spesialbutikk for å få tak i den.  

Skallet er ganske hardt, og vanskelig å ta av, så dette må skjærast forsiktig av. Kokebanan passar visst og godt til kjøtt og kylling, om ein tilbereder den som feks søtpotet. Den kan og minnast om søtpotet i smaken. Kokebanan inneholder og meir energi enn ei vanlig banan, og den er full av A-vitamin, C-vitamin og mineraler. 

  • Skrell kokebanana ved å kutte av begge endane og snitt skallet på langs.
  • Skjær kokebanana i tynne skiver med ein ostehøvel eller mandoling. Ein kniv fungerer og bra, men pass på at skivene blir ca like store.

SAMSUNG CSC

  • Legg skivene i ein plastpose og hell oppi litt olje og valgfritt krydder. Rist posen til krydderet og olja er fordelt. 
  • Legg skivene utover på ei langpanne. Pass på at dei ikkje ligg oppå kvarandre. Strø gjerne litt meir krydder på.
  • Sett inn i ovnen på 200 grader.

SAMSUNG CSC

  • Ta brettet etter 8 minutter og snu skivene. No kan du krydre den andre sida meir om du vil.
  • Steik deretter i nye 8 min, men pass på så dei ikkje blir svidd. Dei skal være gyldne.
  • La dei kjøle seg litt ned før du serverer dei. Dei er best når dei er lunka. Server som chips, eller som tilbehør til anna middag.

SAMSUNG CSC

Chipsen var god den, men hadde det ikkje vært for krydderet så trur eg ikkje den hadde smakt så veldig mykje.. Eg merka og forskjell på bitane som var litt bedre steikt, då dei var sprø og gode, kontra dei som var litt tjukkare som var mjuke inni og sprø utpå. Kan anbefalast å testast! Men pass på, kokebanan er ikkje kalorifattig kost. På100 gram inneheld den ca 120 kcal. Dette er nok og årsaken til at den er ein viktig basisvare i mange menneskers kosthold.

SAMSUNG CSC

#Oppskrift #chips #kokebanan #grønnsak #matprat #snacks #kos #høst #sunnmat #sunnhet

19 kommentarer

Siste innlegg