High School Football

Åh, denne lørdagen har gått fort! Eller, klokka er ikkje meior enn 17, men om ein liten time ventar vi besøk. Vi skal feire bursdagen min med rosa ballongar, pølse i brød, kake, muffins, mohjito og pinjata! Dette blir så gøy! Men det var ikkje dette eg skulle vise dåke idag, det var nemlig nåken bilder fra tirsdagen!

SAMSUNG CSC

På torsdag var eg og Linda å fjonga oss på neglestudio rett borti veien her vi bur. Tvers over veien ligg det ein High School. Det er ikkje før dei siste vekene det har begynt å være litt liv rundt denne skulen både på dagtid og kveldstid. På torsdag var det ekstremt mange bilar der, og mykje leven rundt fotballbanen, så vi tok turen bort for å sjekke kva det var som skjedde. Dama i billettluka kunne informere oss om at det var 9.klassen som spelte fotballkamp, men at det begynte ein ny kamp rundt kl 18:00, der ein eldre klasse skulle spele. Vi bestemte oss derfor for å komme tilbake til neste kamp for å få sett ein heil kamp.

SAMSUNG CSC

Eg troppa klar opp til kamp rundt 18:15, og då trur eg kampen nett var starta. Det var ekstremt mange folk på tribunen, som tyder på at dette er ein stor sport sjølv på aldersbestemt nivå. Ja, eg måtte til og med betale nokre dollar for å komme inn 🙂 

SAMSUNG CSC

Eg kan ikkje sei vi forsto så masse utav spelet.. Dei flytta seg nåken strekar til høgre, og deretter nåken strekar til venstre. Det var vel meir eller mindre det som skjedde gjennom heile kampen og.. For utenom to 6 poengara, som vi forsto dei fekk når dei sprang øve enden av banen. Eller tar vi heilt feil..?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Cheerleadersane var vel dei som jobba mest i løpet av dei tre timane. Dei hoppa, spretta og sang sine tapre sangar til dei grøne og kvite på banen. Sjølv om det dessverre ikkje hjalp så mykje. Det var egentlig meir fasinerande å sitte å sjå på desse jentene turne, ta flikkflakk og baklengs salto…

SAMSUNG CSC

Vel, vi forsto såpass at heimelaget, altså “vårt” lag, tapte så det sang etter. Her er tavla etter nesten to periodar spelt. Eg trur det enda rundt 7-42 tilslutt. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Som sagt skjønna vi ikkje så mykje av spelet, og vi følte det tok ekstremt lang tid, som om dei “gjekk litt i sirup”.. Dommaren stoppar visst og klokka kvar gang dei blåse i fløyta, så dei brukte nesten 3 timar på å spele ein 60 min kamp, om det kan sette det i perspektiv.. Vi reagerte og på at dei var så ekstremt mange innbyttara på laget. Eg ser ikkje for meg at ein gutt utpå den banen kan ha vore nåke spesielt sliten etter den kampen der 😉

SAMSUNG CSC

I alle fall interessant å ha vært på ein slik kamp då. Men neste forsøk trur eg får bli college football. Eg har høyrt stemninga er heilt enorm, og at bare det å være der er ein stor opplevelse. Så får eg heller lese meg litt opp på reglane før den tid kjem 😉

SAMSUNG CSC

Er det nåken av dåke som kan reglane i Amerikansk fotball?? 🙂

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg