DIY: Litt glam i kvardagen ✨

SAMSUNG CSC

“Ka skal du med alle desse tomme glasso her då, Ida?!”, dette er eit spørsmål eg får kvar gang Vegard tar tomme pastaglass eller liknande utav oppvaskemaskinen.🙄  Nei, altså, det kan jo alltids være at eg får brukt for dei ein dag då! 😬  Og sjå der, eg fekk brukt for dei denne veka. Etter å ha brukt 20 min på Walmart for å google og finne den gullfargen som gav den beste fargen (det er minst 7 forskjellige gullsprayar på Walmart, og 100 andre fargar), så kom eg meg heim og rigga meg til ute på “balkongen”. Eg tenke at om nåken hadde gått forbi og sett meg der eg krabba rundt på alle fire, så hadde dei vel skjøna at eg ikkje var ein Amerikaner.. 🇳🇴

SAMSUNG CSC

Vel, til denne enkle DIY treng du ikkje meir enn det du ønsker å spraye, ein spray og eit underlag. Eg ville enten brukt ein stor bosspose, ei stor eske eller liknande som underlag. Du bør og være ute på eit område du ikkje er så redd for, då sprayen kan komme rundtom. Dette er sprayen eg har brukt. Eg er litt usikker på om den er å få tak i i Norge, men den kan i alle fall kjøpast på Amazon 😊

SAMSUNG CSC

Først vaska eg glasa godt med såpe, slik at det ikkje hang nåke lim igjen på det. Deretter satte eg eit og eit glas på posen etterkvart på eg spryaya dei. La dei tørke nokon minutt før du rører dei. . Husk å riste sprayboksen godt og ha litt avstand mellom sprayboksen og gjenstanden når eg spraya. Følg instruksjonen på boksen så blir det bra. Pass på å ikkje spraye for lenge og mykje på ein og samme stad, då kan det renne! Det er bedre med mange tynne lag og bruk sirkulære bevegelsar når du sprayar. Dett første glasset blei litt prøving og feiling, men dei andre blei veldig bra. 😊 

Og, tada! Nydelig fine gullglass klare for å plasserast rundom i leiligheten. Litt glam er alltid bra! 😊 

✨ Bare sjå kor fin denne gullfargen blei då! ✨

SAMSUNG CSC

#diy #hjemmelaget #hjemmelaga #heimelaga #gjørdetsel #gds #byidarossland #spray #kreativ #interiør #hobby #gull

7 kommentarer

Siste innlegg