Sjømatfestival på Destin

Vi har hatt besøk i frå Norge! Gunn og Jan (foreldra til Vegard) kom til oss onsdag 28.september, og var her ei veke. På denne korte tida fant vi ut at vi måtte få gjort litt, og få vist dei litt rundt her vi bur. Heldigvis var det sjømatfestival på Destin på lørdagen, og det var så gøy! Eg elskar å gå i boder å bare sjå på ting, ete mat mens ein går, høyre på musikken og sjå på folka. I tillegg var jo været bare heilt fantastisk, så dette var virkelig ein nydelig dag.😊

Festivalen var ved sjøpromenaden i Destin. Destin er eit sentrum som ligg ca 20 min vekke i frå oss. Det er ekstremt mange fiskara som kjem inn med fangsten sin her. Deretter filiterer dei og du kan kjøpe heilt fersk fisk for å ta med heim. For ein luksus?

Her ligg sjølvsagt flotte båtar på rekke og rad.. Til høgre fekk eg fanga ein pelikan på bilde. Den sto der heilt fredelig og såg ut øve marinaen. Det er faktisk ganske mange pelikanar her borte. Kjekt med litt anna dyreliv enn det vi er vane med heime 😊

Båtane på bildet under er slike båtar vi kan leige når vi skal på Crab Island.  (Link til innlegget etter vi var der)

SAMSUNG CSC

På sjømatfestival er det så mykje god mat å velge mellom. Mesteparten av det er og sjølvsagt fritert, sik som alt er her borte.. Her solgte dei alt i frå Corn Dog til blekksprut og hai. 😊

SAMSUNG CSC

Vin-is og sjokoladetrekt bacon…

Det var ekstremt mange boder på festivalen og. Her kunne folk stille ut og selge ting som dei hadde laga. Det var så mykje fint, men det einaste eg kjøpte me var ein blomsterkrans til hatten min 😅

SAMSUNG CSC

Etter ein lang dag med gåing var vi veldig fornøyde med ein deilig is før turen gjekk til stranda for litt ettemiddagssol og bading 😊 Stranda var heldigvis like fint som alltid!

Takk for besøket Gunn og Jan! Vi gler oss til neste besøk. 😊

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg