DIY: Arne Jacobsen Design Letters

Fredag og ikkje minst på tide med ein ny DIY her på bloggen!

 Før vi flytta så fekk eg ein pakke i får ein kompis av meg. Han sku få låne leiligheten vår, og var så snill og overraska oss med nåken fine koppar i frå Arne Jacobsen. Bokstavane vi fekk var I, V, T og Q (Ida, Vegard, Tannbørste og Q-tips). Eg hadde jo mest lyst å pakke alle koppane med meg, men fornuftige mamma sa at dei bare kunne stå heime eit år slik at dei ikkje skulle bli ødelagte. Og, mammas ord er jo lov, så dei står no heime hos mamma og ventar på oss😅

SAMSUNG CSC

Så no har vi budd oss litt inn i denne lille leiligheten her i Florida, og eg prøver litt kvar dag å gjere den meir oss. Eg har jo kasta meg på sprayboks-trenden, så når denne ideen poppa opp i hovudet mitt så kunne det ikkje gjennomførast fort nok! Dessuten så er det jo supert med litt gjenbruk av blikkboksar og 😊 På bildet under er sprayen eg har brukt. Ein får tak i spray på feks Biltema eller Panduro heime i Norge. 

Du treng:

  • Blikkboks eller noko lignande.
  • Kvit spray
  • Svart akrylmaling
  • Pensel
  • Coating spray

Slik gjer du:

Vask konteinerane godt med såpe og vatn. Få vekk evt restar av lim og smuss.

SAMSUNG CSC

Start med å dekke til underlaget der du skal spraye. Eg sprayar ute på bakken, men dekker alikevell litt til. 

SAMSUNG CSC

Spray tynne lag med kvit spray. La det tørke litt mellom kvar gang. Spray og oppi boksen. Eg spraya sjølvsagt ikkje oppi såpedispenseren. 😊

Etter det er tørt er det bare å male på bokstavane du måtte ønske. Eg brukte Q for q-tips, P for pads og S for såpe. Her er det godt med ei litt stø hand. 

SAMSUNG CSC

Etter dette igjen har tørka (neste dag), valgte eg å spraye med ein forselgler eller ein top-coat spray. Dette for at det skal holde bedre, og om det skal komme vatn på boksane så vil det forhåpentligvis ikkje komme merke.

SAMSUNG CSC

Så enkelt og billig er det å lage eigne design letters lookalikes. Det er kun fantasien som set grenser. Her kan du gå på loppemarked å kjøpe gamle koppar til nåken kroner og forvandle dei om til det du måtte ønske. Enkelt og praktisk. Håpar bare det er ein fin plass til dei på badet når vi kjem til Phoenix!

SAMSUNG CSC
 

#diy #iviusa #hobby #spray #byidarossland #heimelaga #hjemmelaga #hjemmelaget #interiør #gjørdetselv

3 kommentarer
    1. åå , så kreativt!! 😀 Jeg pleier alltid å ta vare på sånne blikkbokser. Så jeg har et lite lager. Kanskje jeg skal prøve meg på dette i helgen 😀 Takk for tips og inspirasjon!

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg