På flyttefot igjen!

Då var det endelig vår gruppe sin tur til å flytte vestover til Phoenix, Arizona. Gruppe 1 (og då alle dei andre damene) reiste i midten av oktober, så det har vært litt rolig i Florida dei siste vekene. Tida har for det meste gått i pakking, planlegging og å ete ut av kjøleskap og frys. Høsten er jo her og, og det kjennes faktisk. Vi har tydeligvis avklimatisert oss siden vi synes det kan bli litt kjølig med kun 25 grader om kveldane. Ja, eg veit. Vi er blitt bortskjemte og kjem nok til å slite med minusgradene heime til neste år 😜

Planen var jo egentlig at vi skulle kjøre til Phoenix. Dette er ein biltur som vi sikkert hadde brukt ei veke på, men siden vi fekk tilbud i fra Forsvaret om biltransport og fly, så takka vi ja til det. Det kunne jo blitt litt langt å kjøre, og det er jo heller ikkje utan risiko med tanke på kor enkelt det er å få lappen i dette landet… 🙄  

SAMSUNG CSC

På fredag kom endelig både biltransport og flyttebil for å hente med seg alt vi hadde. Kan sei det slik at vi alle var jo litt skeptiske med tanke på at han her skulle ha med seg 9 bilar på tvers av landet. Eg kan ikkje sei at utstrålte så veldig mykje kompetanse heller, så vi alle var vel litt skeptiske når vi sendte bilane avgårde. 

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Her er flyttebilen for å hente flyttekassane våre. Og nei, alle dei kassane der er ikkje våre. Eg har ikkje klart å shoppe så mykje allerede..😜

SAMSUNG CSC
 

Mandag morgon var det tid for å fly til vår nye heim for dei neste 5 mnd, Phoenix. Vi hadde ein mellomlanding i Dallas, Texas. Frå Fort Walton til Dallas flydde vi eit knøttlite fly.. Eller det er jo ikkje mindre enn dei minste Wideroe flya, men det føltes så lite inni. Det var eit sete på eine sida av midtgangen, og to på andre sida. Og ja, det bråka like mykje som eit propellfly 🙄  Vi landa trygt i Dallas då, det er det viktigaste!

SAMSUNG CSC

Her er to bilder eg tok etter vi hadde letta i frå Fort Walton. Ikkje nåke superstort område vi har budd på nei. Flyplassen minnar egentlig litt om Kjevik flyplass og, liten og koselig.

SAMSUNG CSC

Åhh, vi kjem nok til å savne saltvatn og strender dei neste mnd ja.. Det er godt vi skal tilbake i mars/april! 😊

SAMSUNG CSC

No har vi budd ca 3,5 mnd her Fort Walton Beach i Florida og vi har virkelig hatt det fint. Fort Walton er ikkje ein så stor by, den har kun rundt 20.000 innbyggera. Phoenix derimot, her bur det 1,5 millionar i by sentrum og totalt 4-5 millionar mennesker i områdene rundt. Altså det vi kjem under. Med andre ord er nok dette ein rimelig stor overgang for oss som er vane med lille trygge Fort Walton 😜 

SAMSUNG CSC

Bare sjå bilda eg tok rett før vi skulle lande i Phoenix.. By så langt auge kan sjå!

SAMSUNG CSC

Og ikkje minst veldig flatt.. Men det er mulighet for fjellturer eller hikes ikkje så langt vekke i frå flybasen, så vi får ta oss nåken turar så vi får gått litt i påbakken. Kjenner det er nåke eg savnar veldig!!

SAMSUNG CSC

Kun eit par timar etter at vi kom til området vi skal bu i, så kom bilane våre og! Heile og fine, så det var kun bekymring utan grunn vi hadde hatt.😜

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Og Torbjørn er superhappy!

SAMSUNG CSC

Nei, her skal vi nok få det fint. Eg skal få lagt ut båken bilder av leiligheten og området her og. For fy søren, det var ein god oppgradering i forhold til Florida altså. Og vi som trudde vi budde fint der… 🙄

 

#flytte #phoenix #florida #reise #iviusa #bil #sportsbil #usa #utland #utlandet

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg