Halloween i USA

Helligdagar og tradisjonar i Usa er virkelig nåke anna enn i Norge. Dei tar liksom litt meir av her borte med pynting.. Ikkje nåke unntak med Halloween. Butikkar og resturantar har vært proppa med pynt og slikt sidan midten av september(!). Det er jo kjekt med slik pynting då, vi skal ikkje nekte for det. Det er vel bare svært uvant at du ser orange pynt og spøkelser kor enn du går..

31.10 var det som sagt Halloweenaften, når ein går rundt og spør etter “trick or treat”. Dette var samme dagen som eg og Vegard kom flyttande i fra Fort Walton. Planen vår var vel egentlig å ta det rolig på sofaen, men når Linda lufta ideen om at ho ville gå Halloween, kle seg ut og gå på besøk til folk, ja då var jo ikkje eg så vond å be! 😅  Vi for på Walmart, og med litt sminke (og eit laken mindre) så var vi klare for trick or treat!

SAMSUNG CSC

Vi landa på “dead half scull”. 

På lørdag 29.10 var vi og på Halloween-party, men då i Florida. Planen var ikkje å kle seg ut, men eg hadde så lyst når eg såg alle kostyma rundtom. Og etter ein del overtaling så blei Vegard med og. Det var egentlig veldig spontant, så etter ei lita (veldig lang) stund på ein kostymebutikk, så falt valget på nåke så enkelt som “sennep og ketchup”.. Kjedelig? Ja kanskje, men vi fekk masse skryt og ikkje minst blei vi overfalt av ein del pølser i brød som blei svært glad for å sjå oss!

 

Det var så enormt mange stilige kostymer på byn den kvelden. Eg trur ikkje eg såg meir enn 5 stk som ikkje hadde kledd seg ut, så eg er glad vi gjorde det!

 

Men, tilbake til pynting av hus og hage! Bare sjekk under her! Denne oppkjørselen er til ei dame som bur her i Phoenix. Det var det einaste “amerikanske” huset vi ringte på til. Ho blei veldig gla når vi kom, siden ho trudde det ikkje skulle komme fleire. Vi var jo sjølvsagt litt seine ( 22:30) etter rundturen til Nordmenna i området. Og bare w-o-w kor gjennomført ho hadde det. Det var så vidt vi turte å ringe på, så eg kan ikkje heilt forstå korleis ungar har turt det..

Når ho åpna døra så var det enda meir pynt. Den eldre dama som åpna hadde kledd seg i ein orange topp som var fylt med gresskar og flaggermuser. Ho gjekk rundt til dukkene sine som om det var eit teater. Ho snakka til dei og spurte dei kva dei ønska å gi oss. 😅  Det var litt spesielt, men bare tenk kor kjekt for ungane! Eg tok eit lite snikbilde av gangen hennar. Det blei ikkje akkurat verdens beste kvalitet, men det gir eit lite innblikk i korleis det såg ut!

Det var tydelig at dette var noko ho elska å drive på med. Ho sa det var hennar store lidenskap og hobby å pynte slik til Halloween. Eg bare håpar ho tar like mykje av når det er jul. Kanskje vi må gå julebukk til ho då(?) 😄

Slik hadde dei pynta til Halloween på Walmart. Blir spennande når dei må lage ein nisse til jul 😄

Nei, vi er veldig glade for at vi har fått opplevd denne høgtida her borte. Halloween er jo ikkje heilt det store i Norge endo, men det er jo alltid kjekt å bare kle seg ut! Viktig å få med seg det som er av tradisjonar når vi bur her borte, sjølv om eg ikkje er heilt for det å adoptere Halloween-gåing til Norge enda.😅

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg