Vår første hike – Estrella Mountain Regional Park

På mandag var eg på min første “hike” her i Usa. Hike er vel det vi karakteriserer som ein fjelltur, eller ein søndagstur i fjellandskap heime i Norge. Spouse´s Cluben som vi har meldt oss inn i har nemlig fleire undergrupper som tilbyr aktivitetar for oss som har ein ektefelle i militæret. Eit veldig bra tilbud som ikkje minst gir oss ein mulighet til å komme oss litt ut, sett oss om og sosialisera oss med andre Amerikanera.  Linda hadde allerede vært på ein tur før eg kom bort til Phoenix, og det såg så kjekt ut! Eg og Marianne var ikkje akkurat så veldig vonde å be med på denne turen her. 

Marianne, Ninea, eg og Linda etter ein vellykka tur i varmen! Her er det virkelig viktig å få i seg nok veske altså. Luftfuktigheten ligg på rundt 10%, i motsetting til nærmare 100% i Florida og ca 80% i Norge. Er ein viss forskjell det ja 😅

Nydelig fjellandskap! Phoenix er jo som ei gryte med masse fjell rundt seg. Ein kan sjå “andre enden” på bildet under 😊

Turen idag var ein familietur, og derfor var det tilpassa til at barn kunne være med. Det var to små ungar med på denne turen, og begge var faktisk norske! Norwegians going strong in Murica 😜  Det var så godt å få brukt beina litt igjen. Bare det å kjenne at ein gjekk i litt ulent terreng og i oppoverbakke er virkelig nåke vi har savna!

Dei sa at kvar arm som kjeme ut av kaktusen representerer 30 år. Det kan eg ikkje heilt forstå, men den kaktusen på bildet der e minst 100 år kan eg tenke meg! Kaktusar er så fasinerande! Eg elskar dei 😄 Skulle gjerne hatt ein så stor ein med meg heim til Norge.. 😜

    

Landskapet var veldig flatt, og ikkje minst tørt! Vi gjekk i eit naturreservat der det egentlig skulle være ein del dyr og kaktusar. Klapperslange, skorpionar, edderkoppar, Gila Øgler og sikkert mykje mykje meir.. Eg er egentlig mest glad for at vi kun såg kaktusar.. For nåken veker sidan hadde ho eine i turfølget møtt på ei gaupe, og det er ikkje akkurat nåke å trakte etter.. Foråseidetsånn..

Etter turen kjørte vi til ei salatsjappe og kjøpte oss lunch. Det er og nåke som absolutt er positivt med slike turar med dei lokale, vi får oppleve og finne plassar som vi mest sansynlig aldri hadde funne fram til sjølve. Vi gler oss allerede til neste tur sammen med gjengen, den gang litt tynge satsar vi på! 😊

Ein del av bildene er fra Linda sin blogg!

#reise #tur #fjelltur #usa #Arizona #phoenix #utlandet #utland #iviusa
 

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg