DIY: Strikk eit par enkle vottar

Rett før jul var eg og Vegard på ishockey kamp (ja, bilder kjem), og der tenkte eg det kom til å bli kaldt. Siden eg ikkje har pakka nåke kle for kaldt vær, så måtte eg då finne ein løysning for å ikkje fryse. Eg valgte då å strikke meg eit par, siden det sikkert var ein enkel jobb. Og det var det og! Ha du 4 kveldar til rådighet, så har du nok 2 par vottar om du vil. 😊

Du treng: 

  • Sokkepinnar str 3 og liten rundpinne på 20 cm nr 3. Eg anbefaler virkelig ein liten rundpinne. Får du først teknikken inn så går det fort unna med ein vott!
  • Tråd som passar til pinne nummer 3.

Slik gjer du:

  • Legg opp 36 masker pinne nr 3, strikk 2 rett og 2 vrang så lang du vil ha vrangborden. Antal masker avhenger på kor laust du vil ha votten rundt handleddet.
  • Etter vrangborden øker du 4 masker jevnt, slik at du får 40 totalt. Bytt til rundpinne og strikk glattstrikk opp til tommelen.  Eg har strikka 8 cm.
  • Når du skal lage hull til tommelen så strikker eg først to masker, så setter eg dei 6 neste maskene over på ein egen pinne. Deretter legger eg opp 6 nye masker på pinnen eg skal sEg strikka glattstrikk opp til tuppen av lillefingeren, og begynte fellinga der.
  • Fell slik du vil, men ikkje fell på kvar omgang. Eg feller slik som ein gjer på ein Selbuvott (trur eg). HER er ei side med god hjelp til tommel.
  • Sett alle maskene inn på 4 pinnar. Fordel slik at du har to pinnar på framsida, og to på baksida av votten. Første maske på pinne 1 skal strikkast rett reile veien, og skal ikkje fellast. Samme gjeld siste maske på pinne 2, første maske på pinne 3 og siste maske på pinne 4. Det er då to “stolpar” på kvar side av votten som følger votten heile veien opp til tuppen. Ein skal felle på yttersida av desse maskene. Altså på maske nummer 2 og 3 på pinne nummer 1 og 3, og dei to siste maskene før rettmaska på pinne 2 og 4. Evt, feller du akkurat slik du vil! Det finnes mange gode instruksjonsvideoar på nett 😊

Eg felte slik:

1. runde: Fell

2. runde: Rett

3. runde: Fell

4. og 5. runde: Rett

6. runde: Fell

7. runde: Rett

8. – 10. runde: Fell

11. runde: Rett

12. runde: Fell

Når du sitter igjen med 8 masker så snurper du dei sammen. 

Tommel:

Hent opp 10 nye masker tommel + dei 6 du satt over på tråd/hjelpepinne. Totalt 16 stk.

Strikk glattstrikk rundt til det er 0,5 cm igjen. Fell 2 og 2 masker sammen og snurp sammen. 

Enkelt? Ja,om du kan strikke så er det jo det! Men det er absolutt ikkje vanskelig om du kun har strikka litt før. Alt er overkommelig om ein bare leser oppskrifta først 😊

#diy #strikk #knitting #gjørdetselv #hjemmelaget #hjemmelaga #heimelaga #votter #strikking #garn #klær #gds #byidarossland

10 kommentarer

Siste innlegg