San Diego

Litt seint innlegg, men her kjem ei lita oppdatering på turen vår til San Diego etter Los Angeles. Her kan du finne innlegget vårt i fra LA.
Etter nåken dagar i Los Angeles kjørte vi sørøve langs kysten til San Diego!  😀 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Det viktigaste som sto på tapeten her nede var eit besøk på Hangarskipet U.S.S Midway. Eit svært hangarskip som har tjenestegodt både under Gulfkrigen, Vietnamkrigen og 2. verdenskrig. Eit skip med mykje interessant historie! Alle som jobba på skipet jobba der er veteranar som tidligare har tjenestegjort på skipet når det var aktivt. Dei kunne med andre ord virkelig fortelle korleis ting fungerte og korleis dei gjorde ting før. Vi fikk og sjå gamle filmar av landing og takeoff, nåke som i alle fall var interessant for menno våre som var med. 😀

SAMSUNG CSC

Her er ein av veteranane som jobba der. Han var tidligare pilot og forklarte korleis det gjekk for seg når flyet skulle ta av. Veldig kjekt at det var veteranar som forklarte, det blei litt meir truverdig enn om det kun skulle vært ein vanlig guide. 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Dette er inne på skipet. Vi var der ikkje så lenge siden det begynte å regne og var rimelig kaldt, men vi fekk med oss ein kortfilm. Den er absolutt nåke å anbefale om ein tar turen her.  Det var mykje på skipet vi gjekk glipp av, så kanskje vi må tilbake ein tur?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sjølv om det begynte å regne når vi skulle gå, så letta det på kvelden når vi skulle ut på livet. Vi hadde bestilt billettar til eit stand up show, nåke som virkelig var ein suksess. Standup har virkelig vokst på meg her borte. 😊 Vi har vært på 3 show allerede!

Her hadde vi litt kos på takterassen på hotellet, før vi gjekk ut på Stand Up og livet i San Diego by.😊

Området rundt hotellet.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi budde på eit hotell som låg ganske i sentrum av San Diego. Vi kunne gå til Westfield Horton Plaza som var eit stort utvendig underholdningsområde. Greit å kunne bu rundt her om ein tar turen.

SAMSUNG CSC

Så stilig takterasse! Og for ein utsikt over byen! 


Vi hadde ikkje så mange dagar i San Diego, grunna ein ekstra dag i LA. Så vi satsar på at vi kan ta turen på nytt før vi flyttar vidare til Florida igjen. I San Diego skal det være ein dyrehage som er blandt verdens største, så eg vil tilbake! 😀

SAMSUNG CSC

 

#iviusa #sandiego #usa #reise #travel #

5 kommentarer

Siste innlegg