Ja, vi brukte faktisk pengar på dette!

Kem skulle trudd det egentlig? Ikkje vi i alle fall. For no kan vi jo ikkje akkurat skryte på oss at verken eg eller Vegard er så veeeeldig  interessert i store motoriserte kjøretøy då.. 🙈 Men 4. februar så var vi faktisk på eit stort arrangement kalla Monster Jam. Dette er eit arrangement der store bilar/ truckar rett og slett skal kjøre rundt på ein bane. Eg va nå der bare fordi vi fekk tilbud om å bli med!, så hadde egentlig ikkje nåken store forventningar.

Første runde var egentlig meget kjedelig.. Eg truuur det gjekk ut på å kjøre i kapp på den lille banen. Men andre runde, der tok det seg i alle fall opp! Då var det tid for Freestyle. Fleire tok saltoar med bilane, kjørte på to hjul og hoppa mange meter på hoppa. Rimelig fasinerande faktisk! 

Stadionen har plass til 64.000 mennesker, så det er ein del her ja!

Her er det litt hopp og sprett kan ein sei. Var her det begynte å bli “spennande”. Spennande i den forstand at dei begynte å gjere triks. Altså, salto, høge hopp to hjul osv osv.🙈

Ein STOR ukultur her i Usa er at folk går lenge før arrangementet er ferdig. Det er faktisk verre enn på Start sine heimekampar. Bare sjå kor tribunen begynne å tømmast, og her var det i alle fall 15-20 min igjen av arrangementet. Trist..🙄

Så alt i alt så var vi jo fornøyde med kvelden. Alt vi skal oppleve her dette året altså, heilt utrulig 🙈  Forresten, SJÅ kor langt håret mitt er! Det er ikkje så lenge siden eg klipte det kort rundt bryllupet i fjor. HER er bilder av det. Bare sjå forskjellen då!🙄 😅

For spesielt interesserte; her er ein video av vinnaren i Freestyle konkurransen. Han tok ikkje mindre enn to saltoar! I ein svær bil!!🙈🙈

Video av Jon Lawrence

#monsterjam #bil #truck #iviusa #Phoenixstadium #usa #utlandet #reise

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg