Ida Røssland

Pearl Harbor - Dag tre på Hawaii

SAMSUNG CSC

Ein tur på Pearl Harbor var vel nåke av det viktigaste vi skulle når vi var på Oahu. Det er jo sjølvsagt nåke dei aller fleste turistar og vil ha med seg, så vi var ikkje aleine. Den eine attrksjonen der, USS Arizona, er gratis å gå på, då den blir rekna som ein gravplass. Ein må likevel ha billett for å komme seg ut der, då det er eit minnesmerke som er laga over skipet, der det framleis ligg i sjøen. Det er og kun eit begrensa antall billettar kvar dag som blir delt ut, og dei pleide å forsvinne fort! Linda og Eirik hadde vært der når det åpna, og likevel ikkje fått billettar, så vi var litt spente. 

SAMSUNG CSC

Vi kom der 07:15, og dei åpna kl 07. Det var allerede lang kø, men den gjekk rimelig fort. Eg kan innrømme at eg faktisk var litt nervøs for om vi skulle få billettar, for eg syns det var så mange folk framfor oss. Men, vi var sjølvsagt så heldige at vi fekk! Det er nok stor forskjell på å være der i ein ferie, enn utanfor sesong 😊

SAMSUNG CSC

USS Bowfin:

Medan vi venta på at det skulle bli vår tur til å ta båten ut på minnesmerket gjekk vi litt rundt på området og såg. Her låg blandt anna USS Bowfin, ein ubåt brukt under 2. verdenskrig og vidare. Den ligg no til kai, som eit museum på Pearl Harbor. Vi valgte å ikkje kjøpe billettar til den. 

SAMSUNG CSC

Desse støttene representerer ubåtane som vart brukt av USA under 2. verdenskrig. På kvar og ei støtte står det navnet til dei som omkom på vakt. 

SAMSUNG CSC

Ein liten torpedo som dei brukte på ubåtane. 

SAMSUNG CSC

Her er ankeret til USS Arizona, og ei minnestavle for dei som gjekk ned. Ein kan og skimte minnesmerket i sjøen til høgre på bildet. Det er ut dit vi tok båten kl 08:00.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

USS Arizona

Då var vi klare for turen ut til USS Arizona sitt minnesmerke. Skipet var det største som låg til havn under angrepet på Pearl Harbor. Når det vart truffe og senka, tok det med seg ikkje mindre enn 1177 personar. Dei ligg enda inni skipet, og difor er skipet og minnesmerket rekna som ein gravplass. Folk som og arbeida på skipet, men som ikkje omkom den dagen, har i seinare tid og fått blitt gravlagt her, ilag med sine kamerater.

SAMSUNG CSC

Det var skikkelig rart å komme ombord her. Stemningen var virkelig trykka og full av respekt for dei omkomne, og det amerikanske militæret generellt. 

SAMSUNG CSC

Ahh, enda ei turistfelle ja... Heldigvis for halvparten av folka på bildet på båten vi kom med, så det var litt bedre plass 😊

SAMSUNG CSC

På første bildet er det enda ein minnesmerke. Dette er bygd der alle skipa som vart bomba sto. Ein kan og sjå dei i bakgrunnen på bilde nummer to. På bilde nummer to ser vi pipa til skipet som stikk opp.  

På bilde nummer tre kan ein fortsatt sjå olje som renn ut i sjøen. Denne olja kjem faktisk i frå skipet! Det er 75 år sidan skipet sank, og det lekk fortsatt olje. 

 Her er eit overblikk på monumentet, og kva ein egentlig kan sjå.   Dette bildet stjelte eg i fra Linda.



SAMSUNG CSC

Litt mindre folk! Eg syns og ikkje minst at arkitekturen på bygget var heilt fantastisk! 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Innerst i monumentet er det laga til som ei stor "gravstøtte", der navna til alle dei fallne står. Vinduet og måten lyset fell på veggen blir kalla  "Tree of life" - "Livets tree". Nederst til høgre er det i ettertid lagt på navna til dei overlevande, som i seinare tid har gått bort. Dei er og gravlagt her.

SAMSUNG CSC

I båten på vei øve igjen😊  Fulle i inntrykk, og veldig glad for at vi fekk oppleve denne plassen. Det er jo eigentlig så fjernt for oss, i den verden vi lev i no, men dette er jo faktisk nåke som har skjedd...

USS Missouri

Etter turen til USS Arizona, tok vi ein shuttlebus over til Ford Island for å sjå på battleshipet USS Missouri. Dette skipet har tidligare vært aktivt, men står no som eit museum her på Pearl Harbor. Det var på dette skipet Japanarane signerte sin endelige overgivelse.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Mannen til venstre var admiral og sjef for den amerikanske Stillehavsflåten, og leda sjøkrigen mot Japan i frå Hawaii.  Figuren av dei to som kyssar er ein kopi av eit av dei mest kjente bilda som er tatt i 2. verdenskrig. Det symboliserer gleden folk følte på når dei høyrte at krigen var slutt.😊

Enorme kanoner! Bare sjå på menneska nede til venstre, dei er ikkje mykje store 😅

SAMSUNG CSC

Kanonene på USS Missouri står peika mot minnesmerket til USS Arizona. Dette symboliserer at skipet passar på USS Arizona og mannskapet, som framleis ligg i vraket. 

SAMSUNG CSC

Her ligg ein kopi av kontrakten Japanarane skreiv 2. sept 1945. Om eg ikkje husker heilt feil så var det vel akkurat her på dekk det gjekk for seg og. 

SAMSUNG CSC

Siden vi ikkje fekk gå opp til brua (?), der kapteinen er, så gjekk vi heller ein runde nede i skipet. Veldig fasinerande, og ikkje minst forvirrande. Det var faktisk reine labyrinten! Etter å ha trødd her nede litt for lenge, så måtte vi bare gå ut. Det blei faktisk litt ekkelt syns eg 😅  Og bare sjå kor trangt dei "vanlige" kadettane(?) hadde det. Offiserane budde sjølvsagt litt bedre, med eige rom. Eg kan ikkje sei at dei kunne klage på maten dei hadde ombord heller. Er vel nett som dei har det på sjøen no det 😎  

Vegard framfor kanonene bak på skipet. Litt av ein størrelse på dei!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Forbaskade renovering... Ødelegge jo heila bilde for meg 😅

SAMSUNG CSC

Paradise Cove:

Etter ein morgon med så mykje kultur og historie, så kjørte vi rett og slett vidare mot vest. Vi var begge enige om at det kunne bli godt med litt strand og bading i det fine været. Etter tips i fra ei veninne av meg som har budd på Oahu, så skulle vi kjøre vidare vestover mot Paradise Cove. Her er det fire forskjellige bukter på kartet, men det er den femte som visst skulle være interessant. Ho sa det skulle være 3-4 sjøskilpadder der, og heller ingen mennesker.😃  Med godt mot kjørte vi vest og fant parkeringen. (For spesielt interesserte er det ein svært liten offentlig parkeringsplass rett før innkjørselen til Marriot hotell.) Med godt mot sto vi i køi 20 min for å få parkering, og spankulerte langs strand og stein for å finne fram til denne "hemmelige" stranda.  😊

SAMSUNG CSC

Det er tydelig at det er nåken år siden kilden min budde på øya, for denne stranda var alt anna enn hemmelig lenger.. 😅  Den var sjølvsagt ikkje stappa full med folk, men slike som oss som hadde tatt oss bryet ved å klatre oss fram til ho. Ingen skilpadder var det heller... Litt skuffa, men fornøyd med å ha funne ei rolig og fin strand, la vi oss ned der i nåken timar.

SAMSUNG CSC

Fantastisk landskap opp vestkysten og! Altså, sjååå på dei fjella då!! 😍

SAMSUNG CSC

West Coast

Etter nok avslapping på stranda (det blir litt varmt i lengden) satt vi oss i bilen og kjørte enda meir nord-vest. Vi kjørte heilt til enden av veien, og stoppa på ei strand der oppe for å bade i bølgene. 

SAMSUNG CSC

Eg hadde lest at på vestkysten var det meir lokale, og at dei egentlig ikkje var så veldig vennlige mot turistar. eheee... Godt vi bare skulle på kjøretur 😅 Det var tydelig at det var fridag (president day), for strendene oppover var fulle av lokale familiar som grilla, festa, bada og kosa seg. På vei heim blei vi sjølvsagt ståande i ein laaaang kø, då alle skulle heim samtidig når sola var gått ned... Og når veisystemet er slik det er her borte (les: ubrukelig), så tar ting tid..

SAMSUNG CSC

Vi fekk ein nydelig solnedgang mens vi sto i bilkø då! Kan virkelig anbefale solbnedgangen her oppe. 😊

Siden historie sikkert er mitt svakaste fag, og eg ikkje gidde å leite etter fakta, så har eg bare lest kva Linda har skreve for å få ting riktig . Ho skriv og om livet i USA, og ting vi opplever her borte 😊

#hawaii #oahu #usa #reise #travel #iviusa #ferie #historie #kultur #syden #sol 

Victoria Larsen

04.03.2017 kl. 10:19
Veldig fine bilder! :)

Ida

20.03.2017 kl. 16:39
Victoria Larsen: Takk for det :)

liveterherlig93

04.03.2017 kl. 11:39
fine bilder ja:)

Ida

20.03.2017 kl. 16:38
liveterherlig93: Takk :*
Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits