Oppskrift: Heimelaga sursøt saus

Kvar gang eg har gått forbi sitrontrær og appelsintrær i nabolaget her har eg tenkt at “når dei er modne og klare, då skal eg banke på døra til folk å spør om eg kan få nåken”. Bare tenkt for ein luksus då? Appelsiner, sitron, grapefrukt og lignande, heilt ferskt på eit tre i hagen! I så fall, eg var på yoga ein dag, og då sto det ein pose med nyplukka sitron, og ein med nyplukka chili! Siden det var siste yogatime for dagen, og ingen andre ville ha, tok eg med meg resten heim. Eg fekk til og med delt litt med ei anna i gruppa her, Linda, siden eg og ho har snakka om desse ferske sitronene. Ho blei så glad 😊  Sitronene brukte eg oppskjært i vatn, mens chilien laga eg ein god sursøt saus av!   Innspirasjon/oppskrift til sausen fant eg her .

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 2 Raude chili
  • 3 fedd kvitløk
  • 0,5 dl eddik
  • 2,5 dl vatn
  • 1 ts salt
  • 100 gram sukker (Kan fint bruke mindre. Bare å prøve seg litt fram underveis.)
  • 1 ss maizena blanda ut i litt kaldt vatn

 

Slik gjer du:

  • Kutt opp chilien og fjern store deler av frøa. Kor masse frø du har i avhenger av kor sterk sausen blir. 
  • Ha alle ingrediensene utenom maizena i ein stavmikser og kjør til chilli og kvitløk er finhakka. Ha sausen over i ei panne, og la det småkoke i 10-15 min.
  • Mens sausen koker, hell forsiktig maizena blaninga i til du får ein passelig konsistens. Ikkje bruk for mykje, då sausen vil stivne enda meir når den kjølner.
  • Ps: eg juksa litt med fargen, då min saus blei heilt blank.. Brukte litt kondittorfarge eg då 🙈  Kanskje den blei blank pga typen chili? Ikkje veit eg.
  • Oppbevar sausen i eit tett glas eller boks i kjøleskapet, og server!

 

SAMSUNG CSC

#diy #oppskrift #saus #matprat #nrkmat #matblogg #matbloggen #tips #tipsogtriks #kreativ

6 kommentarer

Siste innlegg