Ida Røssland

Oppskrift: Mini calzone med krema spicy kylling

Til ein av årets største happeninger her i USA, nemlig Super Bowl, så laga eg innbakte minicalzone til å ta med på festen. vi var ein liten gjeng som var samla hos Linda og Eirik for anledningen.😄  Denne oppskrifta blei veldig sånn ca.. Eg fant oppskrifta på ei amerikansk side og siden vi ikkje bruker samme måleenhet, kan det bli litt forskjell. Men eg har prøvd å oversette så godt eg kan. Legg du godviljen til kan du sjå at dei skal ligne på ein amerikansk fotball og!😉

Du treng:

  • 0,5 dl Philadelphia 
  • 0,5 dl Hot chili sauce. Ta gjerne ein som er litt spicy, då den blir temma ned med kremosten.
  • 3 dl strimla kylling
  • 1,5 dl revet kvitost
  • 16 sirklar butterdeig eller vanlig pizzadeig. Kutt ut ved bruk av eit stort vinglas.

Slik går du fram:

  • Sett steikeovnen på 180 grader, eller den temperaturen du treng til deigen. 
  • Bland kremost og hotsauce jevnt sammen. Tilsett strimla kylling og revet ost, bland godt.
  • Stikk ut rundinger av deigen, tilsett ei ss kyllingrøre på kvar av rundingane og brett i to. Slik at det blir ein halvmåne.
  • Bruk gaffelen til å "lukke" rundt kantane.

  • Kutt ein bein kant ved å bruke eit pizzahjul.
  • Legg på bakebrett, pensle med vispa egg og mjelk.

  • Steikes i 16-19 min midt i ovnenen til dei er gyldne.
  • Bland litt kremost og mjelk sammen, slik at det er mulig å presse ut av ein pose. Legg blandinga i ein sprøytepose og tegn opp mønster.

Serveres varme eller kalde med hotsauce og ranch dip. Du kan og tilsette meir hotsaus, om du likar den veldig spicy. Det er bare å prøve seg fram!

HER kan du finne den originale oppskrifta, om du skal befinne deg utanfor Norges landegrenser :)

#oppskrift #mat #tapas #middag #calzone #fingermat #matprat  #studentmat #enkelmiddag #nrkmat 

liveterherlig93

28.03.2017 kl. 10:03
disse så gode ut:)

Ida

30.03.2017 kl. 07:30
liveterherlig93: Det var dei absolutt! Bare litt grisete å lage :p

Victoria Larsen

28.03.2017 kl. 11:36
Ser jo kjempe godt ut! :D

Ida

30.03.2017 kl. 07:30
Victoria Larsen: Bare å teste ut :D

Iselin Renée

28.03.2017 kl. 12:00
Det så veldig godt ut :)

Ida

30.03.2017 kl. 07:29
Iselin Renée: Kan anbefales :D

elisebr

28.03.2017 kl. 12:37
Så gode de så ut! :)

Ida

30.03.2017 kl. 07:29
elisebr: Det var dei og :)

TINANNA

28.03.2017 kl. 18:37
Åå, det så veldig, veldig godt ut <3

Ida

30.03.2017 kl. 07:28
TINANNA: Kan anbefales ja :)

Charlotte

28.03.2017 kl. 22:13
så godt ut :)

Ida

30.03.2017 kl. 07:28
Charlotte: Veldig gode! Også kan ein bare variere innholdet etter eige ønske :)

nr73

29.03.2017 kl. 17:21
Du er så kreativ, Ida! :)

Ida

30.03.2017 kl. 07:26
nr73: Takk for det snille! :) Men kan nok ikkje skryte på meg denne ideen heilt sjølv :p
Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits