Topptur til Superstition mountain!

Oki, dett innlegget er ein evighet gammalt.. Men, siden eg fant det, og har lyst å dele alle fjellturane vi har vært på, så hiver eg det ut no. Dessuten så er det rimelig spektakulært i forhold til dei andre turane!

___________________________________________________________

Denne turen vi var på før jul er rekna som den tøffaste turen i Arizona. Sjølv er eg ikkje heilt sikker, då det er ganske masse fjell nord i staten. Men dette var orda skogvokteren gav oss, og fjellet var virkelig ein utfordring! Toppen midt på bildet var målet for dagen. Kan vel innrømme at vi ble litt motlause når vi sto der og skulle starte på turen 😅  Men med godt mot satte vi i gang!

Her er vi heile gjengen med godt mot før det verste startar!

Fjellet er på andre sida av byen, men i rushtrafikken og siden vi måtte gjennom byn, så måtte vi kjøre kl 07 og vi var ikkje framme ved parkeringa før klokka var 09. Ganske sjukt å tenke på. Kjørt i 2 timar og er fortsatt i Phoenix….😅

Fjellet kallar dei Superstition mountain. Dette er eit fjell som det er ganske mange eventyr om, og då spesielt ein legende om “The Lost Dutchman´s Gold Mine”. Altså ein tysk immigrant som oppdaga ei gullmine i fjella. Han viste ikkje gullmina til nåken, og kvart år er det fleire og fleire mennesker som går i fjellet for å leite etter mina. Fleire har faktisk dødd i forsøket og..  Det seies og at legenden om “the lost dutchman´s gold mine” er den mest kjente gullmina i Amerikansk historie. Kult?

 

I alle fall. Det var så absolutt ein tøff tur med mykje klatring, men eg vil sei det er tyngre å gå på Melderskin, opp Muradalen eller på Ulvanåso.😅  (Fjell heime i kommunen eg er i frå).

Toppen vi skulle på blir kalla Flat Iron Mountain, fordi den ser ut som undersida på eit strykejern. 

Vi var heldige med at det var skygge heile veien, men eg vil absolutt ikkje anbefale å gå her på sommarstid (mai-okt). Dette på grunn av luftfuktighet, og mangel på vatn!

SAMSUNG CSC

Når vi kom opp på toppen og kunne sjå utøve byen, så fekk eg skikkelig “Løvenes Konge” følelse. haha.. Fjellet minna litt om Preikestolen på toppen. Flatt og utfor kanten var det rett ned.

Tanya fant fram kniven (som ho alltid går med, uavhengig av om vi er på tur eller ikkje), og begynte å kutte litt kaktusfrukt til oss. Prickly pear heiter frukten. Kan minne litt om alovera i smak og konsistens. Fasinerande! Sist nåken av damene hadde vært på denne turen så møtte dei ein mann, uten sko. Han hadde då budd der oppe i 5 dagar, og overlevde kun på fuktigheten han fant i kaktusen.😅 Han var nok heller ikkje heilt med sine fulle fem etter alt dei fortalte..🙈

Her trur eg vi ser ned mot sør/øst delen av Phoenix. Eller Phoenix og Phoenix, dette blir vel ikkje kalla det..

Sjukt fasinerande steinformasjonar! Altså, korleis blir eit fjell slik??🤔

Rimelig glad og fornøyd med å ha nådd toppen!

Fornøyde med å ha nådd toppen!😊

Der oppe i midten var vi! Turen kan virkelig anbefalast! Men, ikkje gå der i sommarmånadane mars-sep, då er det rett og slett alt for varmt og faktisk farlig..

Eit godt stykke å gå i frå parkeringsplassen.

SAMSUNG CSC

Sjukt glad for at eg hadde mulighet til å være med på denne fine turen, og få lov til å oppleve dette! Men det hadde absolutt vært fasinerande å tatt dei med seg på ein fjelltur heime i Kvinnherad ja 😅

SAMSUNG CSC

#usa #phoenix #superstitionmountain #arizona #reise #fjelltur #redrock #iviusa #hike #wanderlust #ferie #usaferie

10 kommentarer

Siste innlegg