Wave Cave Hike

For ei stund siden fekk eg dradd Vegard med meg på enda ein søndagstur her i ørkenen. Eg fortalte kor vi skulle, og han sa litt halvhjerta ja. Men, han veit eg blir så glad når han blir med, så av og til så bare slår han til.😄  Uansett, når vi hadde satt oss i bilen, og eg var på vei opp mot motorveien og kjørte mot byen, så fekk han litt halvhjerta panikk og begynte å spør kor i alle dagar dette var, og kor lang tid det ville ta å kjøre der til. Eg svarte så rolig som eg bare klarte, at det tok rundt 70-80 min å kjøre 😅  Han var ikkje så veeeeldig fornøyd med svaret, siden han trudde det var maks 20 min.. Men heldigvis var det eg som kjørte, så det å snu var absolutt ikkje eit alternativ, så tur blei det 😉

SAMSUNG CSC

Når vi klarte å komme oss av hovedveien, heeeeeeilt på andre sida av byen (og litt til), så var det rett over på ein skikkelig møkkete grusvei… Ikkje nok med at den var grus/sand, den var og hullete, humpete og umulig å kjøre på med ein bil som vår. Hehe, kan ikkje akkurat sei at vi har kjøpt oss ein offroad bil nei! 😅 Så når vi endeli kom fram, og hadde brukt 20 min på å kjøre 5 km på sand, såg ikkje bilen så veeeeldig rein ut kan ein sei. Vegard var lite imponert øve meg, og valget av tur eg hadde dradd han, OG bilen med på..🙄  ps: vi er fortsatt gift 😜

SAMSUNG CSC

Når vi endelig kom fram og hadde fått parkert kom vi til dette skiltet. Fjellet er fritt for alle, tenkte eg som er Nordmann, og gjekk fint forbi! 💪 Eg trur ikkje dette skiltet betyr nåke. Eller, ingen brydde seg om det i alle fall.

SAMSUNG CSC

Etter å ha gått ca 200 m på denne flate grusveien kjem du til eit veiskille. Ikkje følg stien (og skilta!) , som enten går til høgre eller venstre, gå rett fram gjennom gjerdet! Eg og Vegard gjekk jo sjølvsagt etter stien til venstre, og fekk oss ein 20 min lengre tur pga det.  Men hallo, det er ikkje akkurat merka med raude Turistforening T´ar her i Usa.. Og den veien der var rimelig godt skjult bak steinen vil nå eg sei. 🙄

SAMSUNG CSC

Før stigningen begynte var det ein haug med kule kaktusar og! 🌵 På dette bildet er det 3 av dei mest kjente kaktusane som er her borte. Saguaro (den høge), Teddy Bear Cholla (den “hårete” i midten) og Prickly Pear (den flate til venstre som ser ut som Mikke mus øyrer).

SAMSUNG CSC

Nei, eg er ikkje heilt ferdig med å dele kaktusbilder enda 😅  Eg trur eg elskar kaktusar! Skulle ønske vi kunne tatt med oss nåken store heim til Norge… Og ikkje minst palmer og, det er nok favorittane. Gi meg nåken dagar til så er eg i Florida, og skal dele bilder av palmer!

SAMSUNG CSC

Nei, vi skulle ikkje på toppen av det fjellet 😅  Hula er til høgre i bildet.

Hula er under den store steinen midt på bildet her.

Og her er årsaken til at det blir kalla Wave Cave, eller Bølge grotte, på godt norsk. Legg godviljen til, og det ser ut som eg står på ei bølge 😜​

Og her er då den berømte bølga sett utanfrå. 🌊

Hula den var inni var og rimelig stor, Vegard blei rimelig liten i forhold!

Fantastisk utsikt utover eit veldig grønt og frodig landskap! Ein kan og sjå den lange grusveien snegle seg oppover..😅

SAMSUNG CSC

Så var det tid for turen ned. Vi gjekk sjølvsagt akkurat når ein haug med andre folk prøvde å kava seg nedover.. Heldigvis skjønte dei at dei gjekk for seint for oss, og slapp oss forbi 😊

SAMSUNG CSC

Gliset brakte oss 5 km på grusvei nedover igjen og! Godbilen vår 😘  For å blidgjere Vegard på vei heim, så fekk eg lurt han med meg på middag på IKEA og i kiosken der for å kjøpe smågodt! Etter han hadde fått det, så var nesten alt det negative ang turen glømt 😜

SAMSUNG CSC

#tur #hike #fjelltur #reise #usa #arizona #phoenix #iviusa #ferie #utlandet #camaro2ss #camaro #sportsbil

11 kommentarer

Siste innlegg