DIY: Lag dine egne lanterner!

Endelig kjem det eit nytt DIY-innlegg her! Eg hadde egentlig ikkje trudd at eg skulle rekke det, med tanke på flytting osv. Ikkje det at eg kan skryte på meg at kvardagen min er så utrulig stressande, men ting tar litt tid her borte 😜  Alt handlar vel om prioriteringar, og det er eg god på om eg gjer nåke eg likar! Uansett, over til det det eg har laga! 

Eg har gått litt lei av interiøret eg har med meg til Usa, så litt forandring (av og til) er veldig nødvendig. Einaste er at eg ikkje vil bruke så mykje pengar på det, då vi har så mange fine ting heime i Norge! Eg likte veldig godt at rammene var i gull, då eg har forelska meg litt for gull og svart det siste året. Litt elegant!

SAMSUNG CSC

Denne DIY kostar ikkje all verden, og i alle fall ikkje om du har nåken gamle rammer liggande å støve ned. Den er og superenkel, og du treng kun 2-3 ting for å lage lanternene. 😊

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 4 like store bilderammer
  • Limpistol
  • Evt ei plate eller lignande til å bruke som bunn. 

 

Slik gjer du:

  • Fjern bakdelen av ramma og lim fast glaset.
  • Lim deretter rammene sammen. Start med to og to.
  • Bruk eit flatt underlag for å få det beint.
  • Lim deretter alle rammene sammen, slik at det blir ein kvadrat. Sjå på bildet under for korleis.
  • Ferdig! Bøy gjerne dei svarte “flikane” inn, slik at dei ikkje vises så godt.

 

Tadaaa!

SAMSUNG CSC

På den minste lanternen limte eg fast ei vanlig kjøkkenflis eg fant på butikken. Den var akkurat riktig størrelse, slik at eg trygt kan sette kubbelys direkte nedi, uten å tenke på brannfaren eller bordet. 😊  Skulle gjerne funne nåke lignande til den store lanternen og, så eg får ha augene åpne! 

SAMSUNG CSC

Er dei ikkje fine?? Er heilt forelska! 😍 No ligge dei i flyttelasset vårt, på vei til Florida. Men så snart dei er framme der, skal dei få komme opp på bordet igjen 😊 Satsar bare på at vi har ein balkong som går an å bruke!

SAMSUNG CSC

Denne DIY kan, men trenge ikkje, gå under kategorien gjenbruk. Har du fire like store bilderammer liggande, så kan du fint bruke dei. Spraymal dei gjerne i ein kul farge, før du limer glaset fast. 😊

SAMSUNG CSC

Ka syntes du om lanternene? 😊

#diy #heimelaga #gjørdetselv #hjemmelaget #kreativ #kreativitet #interiør #inspirasjon #hobby #gds #byidarossland #idarossland

26 kommentarer

Siste innlegg