Ubrukelig

Lokal tid: torsdag kl 22:50

Huff for ein ubrukelig dag.. Planen var at vi skulle kjøre å bestille servicetime til bilen borti sentrum, og deretter kjøre heim igjen for å trene og ete middag før Vegard sku på jobb. Vel slik blei det jo absolutt ikkje..🙄

Når vi kom til verkstaden så fekk vi faktisk time med ein gang kl 12. Dei sa dei kun trengte 2 timar for full service. Supert tenkte vi! Dei lurte og på om vi hadde lyst å sette oss ned å vente eller sjå på nye bilar.. Altså i 2 timar? Nei, veit du ka..🙄  Så vi gjekk oss ein tur oppover mot Walmart for å kjøpe nåken nødvendighetar. Det gjekk jo greit det, einaste problemet i store deler av Usa er jo at det ikkje eksisterer fortau… Så der gjekk vi på graset langs hovedveien.. Folk såg på oss som to tullingar der vi gjekk. 😅 

Veien som går på tvers på bildet er Interstate-10, motorveien som går i frå Jacksonville til Santa Monica beach. Den måtte vi då gå under 😅 

Vi kom tilbake til verkstaden kl 14, og rekna egentlig med at bilen skulle vær klar. Neida, 2 timar blei til 3 og Vegard begynte å få litt dårlig tid med tanke på jobb.. Det blei rett og slett til at dei måtte avbryte siste del av servicen, slik at Vegard skulle komme seg på jobb. No skal vi levere bilen på verkstad kl 07:30 i morgon, nåke som er umenneskelig tidlig for oss og våras døgnrytmem😅 

Heldigvis kom han usedvanlig tidlig heim ikveld, så vi fekk gjennomført middagsplanane våre. Det blei, for første gang på 9 år, pannekaker med bacon og blåbær! Han klagde litt her forrige veke, om at vi aldri har ete pannekaker i lag før. Så slik blei det til! Er det bare eg som har både bacon og syltetøy i samme pannekake? 😅  Fekk lurt Vegard til det samme då, så eg ikkje er heilt aleine med det lengre i alle fall!

No fekk vi akkurat beskjed om at besøket er forsinka med flyet. Eller flyet er kansellert, og dei står no i Atlanta uten nåken plan.. Får bare håpe dei kjem seg sørover i morgon tidlig, så dei kan få litt av dagen her nede i varmen😊 

#usa #iviusa #florida #reise #utandet #jhverdag #ferie

12 kommentarer

Siste innlegg