Ein annerledes Påskeaften 🐣

Siste helga før besøket skulle reise brukte vi til å kose oss skikkelig. Vegard hadde endelig litt fri og vi fekk virkelig feriefølelsen denne helga. Fredag kom Martin og Tara på besøk i frå Atlanta, og vi hadde ein koselig grill- og spillekveld heime i huset.😊  Lørdagen, og då altså Påskeafta, reiste vi alle ut på båttur til Crab Island. Crab Island er ikkje ei øy, men ein stor sandbanke som ligg på innsida av brua mellom Destin og Okaloosa. Her er det så grunt at du står med vatn opp til hoftene. For å komme ut her må du ha båt, og blir faktisk plukka opp av politiet om du prøver å svømme ut. Dette er fordi det er så sterk strøm som går forbi. Eg har lagt ut ein film i frå turen vår der i haust. Den kan du sjå HER😊

SAMSUNG CSC

Det var tydelig at det ikkje var sesong, då det ikkje var så mange båtar her enda. Sjølv om det ikkje var masse folk, så var det ein veldig koselig tur med heile familien. Nåken av barane var faktisk åpne for helga, men vi var ikkje innom dei denne gangen. 😊 

Eg fekk endelig kjøpt med doghnut-badering og 😄  Det har eg leita lenge etter, men i fjor var det rett og slett slutten på sesongen så butikkane var utsolgt. Det gjekk litt i glømmeboka, og gjett om eg blei lykkelig når eg fant denne på Walmart då!

Årets påskekort, om det er nåke då? 🐥

Destin Harbor sett i fra sjøen. Her er det ei fin promenade med boder og butikkar, og det er liksom sentrum av Destin. 

 Når kvelden kom tok vi ungdommane turen til hotellrommet til Martin og Tara, før vi stakk til sentrum for å møte på ein heil haug av fleire Nordmenn som var ute. For ein kjekk kveld! 😄  Her er uteplassen vi var på, AJ´s.

Dette truuur eg er ein Brun Pelikan. Då eg tok dette bildet av han, så kom det to lokale båteigara som skreik “Noooo, don´t take a picture of him! We dont like him at all!!”.. Hehe, tydelig at den er like mykje hata her blandt båteigare, som måsen er heime. 😅

SAMSUNG CSC

Åhh, det er så nydelig her! Vi skal heilt klart på fleire båtturar før vi vender nasa mot Norge igjen. Eg må bare få gjennomført båtførarbeviset for Usa, slik at vi ikkje er avhengig av andre for å kunne leige båt. 😊  Det blir bare litt nedprioritert innimellom to andre fag / kurs som eg tar for tida. Mulig eg kan skrive litt meir om det i eit anna innlegg, om det er av interesse? 😊 

#reise #usa #ferie #påske #florida #iviusa #båt #båttur #bade #strand #sommer #sommerferie #travel #reiseblogg #destin

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg