Flyshow i Panama City

Lokal tid: Søndag 21:30

Lørdag var vi så tidlig oppe som vi ikkje har vært på lenge. Det var tydlig at det var nåke viktig som skulle skje, og vi måtte komme oss av gårde tidlig. Når klokka var 08:30 var vi allerede i bilen og på vei mot Panama City og flyshow på Tyndall Air Force Base. Showet begynte ikkje før 11:30, men eg er glad vi kom fram tidligare.😊  Det var fleire i fra gruppa som kjørte rundt 10:00, og dei brukte rundt 4 timar på ein 2 timar lang tur.. Det var med andre ord maaaange som skulle på dette showet!

SAMSUNG CSC

Flyshowet var greit det, men for tre flyentusiastar som kunne springe rundt å sjå og ta på alle dei forskjellige flya var det nok litt kjekkare. Men absolutt, det var kjekt å sjå gleden deiras. Det var som om dei var tre små ungar igjen. 😅

Her er oppvisning av F-22 som var det viktigaste for dagen. Sjukt fasinerande at den kan fly rett opp, deretter stå heilt stille i 90graders vinkel, og fly bakover. Denne oppvisningen var vel egentlig høgdepunktet for meg og, og gjorde faktisk heile turen til Panama City verdt det 😅

Framfor ein F-22

Her hadde dei ein oppvisning og eit tilbakeblikk til Pearl Harbor. Fekk skikkelig frysningar når dei fortalte historien. Mulig det er fordi vi har vært der og kunne sjå for oss kor dei bomba og kor skipa sank. Vil du sjå meir i frå når vi var på Pearl Harbor, sjå HER.  

Det var fleire i fra gruppa vår som hadde tatt turen til Panama City, så vi var til slutt ein litt større gjeng som gjekk rundt.

Det var og oppvisning i frå Thunderbirds. Thunderbirds er ei gruppe med 6 jagerfly som reiser rundt i Usa og har framvisning på show. Det var veldig fasinerande å sjå på, men igjen så var det ikkje nåke som ikkje var forventa.. Einaste som var litt skummelt var å sjå kor utrulig nærme dei fløy, og spesiellt når dei skulle passere kvarandre. Fekk frysningar! 

Sjå kor nært!

Det var ein enormt lang dag med mykje gåing, steikande sol og litt lite vatn kjente vi… Utpå dagen var vi rimelig slitne, så det var godt å komme seg i bilen. Stakkar Vegard så måtte kjøre heile veien heim.. Eg fekk meg ein liten powernap på veien og, slik at eg skulle være opplagt til kvelden. Vi hadde nemlig invitert på Pina Colada- og Vaffelparty 😄  Så koselig med litt sosialisering med gjengen igjen. Det blei litt seint, så søndagen vår har for det meste gått til Netflix. “Heldigvis” har det ikkje vært nåke spesiellt fint vær her idag, så vi kunne være inne med god samvittighet 😄  Vi får satse på bedre og meir vanlig vær resten av veka.😉

#reise #show #fly #usa #iviusa #florida #panama #hverdag

12 kommentarer

Siste innlegg