Baseballkamp ⚾

Tirsdag kveld var eg som nevnt på baseballkamp med Sara og Ina.⚾  Det var topplaget på Crestview High School, Bulldogs, som skulle møte Pensacola Pine Forest til kamp. Det er alltids kjekt å gå på sportsarrangement her borte, og no når vi bur litt mindre sentralt, er det i alle fall kjekt å kunne støtte oppunder lokalidretten her vi bur 😊

Men før kampen kan starte, blir nasjonalsangen alltid spelt på anlegget. 

På vei til kamp snakka vi litt om reglane og slikt, og konkluderte egentlig med at det måtte likne på dødball/slåball som vi spelte på barneskulen. Vel, det var det så absolutt ikkje. Då vi trudde vi hadde forstått reglane, eller i alle fall litt av spelet, så snudde det heilt. Om vi skal på ein ny kamp, så må eg i alle fall lese meg litt meir opp enn eg hadde gjort no, for det var faktisk rett og slett kjedelig å sjå på.. Det var jo egentlig slik det var dei første gangane vi var å såg på Amerikansk Fotball og, så det hjelper å lese seg opp 🙈

SAMSUNG CSC

Norske supportera, som ikkje forsto nåke som helst.. Skal ha for innsatsen, og at vi støtta lokalidretten 😉

Meg og Sara.

SAMSUNG CSC

Tidligare når vi budde i Fort Walton, så var vi jo på nåken Amerikanske Fotballkampar på High schoolen som låg rett ved oss. Det er så fasinerande å sjå kor stor idrett og ikkje minst skuleidrett er her borte. Dette er gutar som er rundt 17 år, og dei har fanskare, plakatar osv.. Litt annerledes enn i Norge kan ein sei!

Tenk om ein ungdomsskule heime hadde vært slik då! Det er mykje pengar og stolthet i sport her borte ja. 
SAMSUNG CSC

Uansett, om vi forstod det eller ikkje, så var det kjekt å komme seg ut i nærområdet på kvelden med eit kjekt selskap 😊

SAMSUNG CSC

Og, ja, vi gjekk før kampen var heilt ferdig.. Haha..

SAMSUNG CSC

 Nåken av bildene har eg forresten stjelt i fra Ina.😊  Kameraet mitt, eller linsa, er ikkje venn med meg for øyeblikket og eg vurderer sterkt å kjøpe nytt… Men igjen, så er jo kameraet eg har veldig bra.. Bah..

#reise #usa #ferie #sport #iviusa #florida #baseball #reiseblogg

4 kommentarer

Siste innlegg