Créme brûlée

Som nevnt tidligare så har jo Vegard hengt seg litt opp i dette med Créme brûlée. Det kjeme og går litt, men plutselig ein dag her i forrige veke så var han i gang igjen. Så når eg for på butikken måtte eg handle inn alt som trengtes for å lage, då også ein brenner.. Vel, eg kom jo sjølvsagt ikkje heim med brenner, for det hadde ikkje Walmart. Neste dag sette han verden i bevegelse og fekk Alex, ein kollega, til å kjøre han rundt på butikkane i Fort Walton heilt til han hadde fått tak i ein brenner.. hah, altså det blei jo Créme brûlée den kvelden då. Og faktisk, eg trur det må ha vært den einaste Créme brûléen eg nåken gang har ete opp . Til vanlig så klarer eg dei faktisk ikkje, så denne oppskrifta i fra MatPrat er virkelig å anbefale 😃

SAMSUNG CSC

Til 6 stk treng du:

  • 1 stk vaniljestang
  • 2 dl kremflløyte
  • 2 dl mjelk
  • 75 g sukker
  • 4 stk eggeplomme
  • ca. 75 g sukker til karamell på toppen

 

Han kjøpte ein heilt vanlig brenner på ein jernvarebutikk. Ikkje nåke som var spesielt tiltenkt mat og slikt, men den gjere den samme jobben.

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  • Snitt vaniljestanga på langs og skrap ut frøa med ei skei. Kok opp fløyte, mjelk, sukker, vaniljestang og frø.
  • Avkjøl mjelkeblandingen.
  • Visp sammen eggeplommene, tilsett mjelkeblandingen mens du rører godt.
  • Sil blandinga og hell det over i ildfaste porsjonsformer. Sett formene i ei djup langpanne/ ildfastform, hell i vatn opp til ca 1/3 av formene. Det kan være ein fordel at vatnet er varma opp.

 

SAMSUNG CSC

  • Steik i ovn på nederste rille på 150 °C, ca. 30-40 minutter. Desserten skal kjennast litt fast når du trykker lett på den.
  • Avkjøl litt og dryss over et tynt lag med brunt sukker (vanlig sukker kan også brukes). Bruk brenneren for å få sukkeret på toppen smelta. Du kan og sette dei under grillelement i 2-3 minutt.

SAMSUNG CSC

Slik ser dei ut etter ein runde med brenneren. Det kan være lurt å ha litt tålmodighet her, men når sukkeret først smelter, då skjer det fort. 😊

SAMSUNG CSC

Du kan fint lage dei ein dag og to i forveien og oppbevare i kjøleskap, men dryss ikkje sukkeret på før rett før servering. Skal dei oppbevarast i kjøleskap så kan det være lurt å ta dei utav kjøleskapet ca 1 time før servering, slik at dei kan få romtemperere seg litt. Strø deretter sukker på og brenn til karamell 😊

SAMSUNG CSC

Nyt!😊

#oppskrift #matprat #matblogg #iviusa #student #dessert #detsoteliv #søteliv #søt #frankrike #usa #nrkmat 

11 kommentarer

Siste innlegg