Norgesbesøk og strandliv

Endelig har vi fått besøk av Marte og Kjell Kristian her i Florida.! Dei kom kjørande i frå Miami på fredag, og sto glisande på kjøkkenet når eg kom heim i fra butikken. Det var så utrulig godt å sjå dei igjen! 😊

Helga tok vi det litt rolig. Fredag blei det Cinco de Mayo feiring (Mexicansk ettlant) med taco og Corona, lørdag var det ein tur på stranda og søndag tok vi til takke med bassengområdet. Det var ikkje bare vi fire som hadde planlagt ein tur til stranda på lørdag, men eg trur dei aller fleste blei ekstremt overraska når dei kom ned. Det var faktisk nesten ikkje værande pga dei enorme mengdene med vind som og var der nede. Sanden piska rett og slett mot huden til tider.😅 

Det ser rimelig idyllisk ut ja? Sannheten er at det blåste heilt ekstremt. Sanden er og så utrulig finkorna så den fyke veldig lett avgårde.. Til tross for dette, så var det mange som trossa sanden og nøyt soldagen på Okaloosa Island 😊 

Eirik hadde eit tappert forsøk med å lage eit hull, så vi kunne sette oss i le for vinden. Vel, det fungerte i alle fall ikkje. Haha, det kom faktisk bare meir sand. Så etter han hadde gravd hullet, og vi hadde trossa “orkanen” nåken timar så holdt vi ut i nåken timar før vi gjekk vidare på Rocking Taco for lunch.✌️

Søndagen starta riiimelig rolig og rimelig seint, etter at lørdagen blei litt sein her hos oss. Eirik og Linda kom og ein tur bortom, og med godt selskap og god drikke så forsvinne klokka i fra oss..😅 No er vi kome til tirsdags kveld her hos oss, og vi sitte slitne i sofaen etter ein lang dag i Panama City. No venter vi på Vegard og skal kose oss med litt sushi! Meir om kva vi gjorde i Panama City kjem i eit anna innlegg, men eg kan røpe så masse som at det innehelde ein Alligator!😎

#panamacity #panamacityfl #reisebloggen #reiseblogg #reisemagasinet #usa #florida #iviusa #reise #ferie 

8 kommentarer

Siste innlegg