17.mai i Florida 🇳🇴

Då var 17.mai overstått her borte og! 🇳🇴  Muligens den kjekkaste dagen i året heime i Norge, alle er så patriotiske, går i fine bunadar og alt er så fint. Eg var litt spent på korleis dagen skulle bli her borte, og skal faktisk innrømme at eg sa til Vegard at eg ikkje ville åpne verken Snapchat, sjekke Instagram eller Facebook i trass for at eg ikkje får være i Norge på den dagen…😂  Men, når eg gjekk å la meg med den innstillingen, så kunne jo dagen bare bli bedre når eg våkna opp til champagnefrokosten ved bassenget! Her har Linda, Ina og Bjørnar stått på for at alle vi som er her borte skal få ei fantastisk minnerik feiring, sjølv utanfor Norges landegrenser!😃

SAMSUNG CSC

Det mangla ikkje på nåke.😃 Alle hadde tatt med seg ein rett kvar til frokostbordet (inkludert vafler, makrell i tomat, brunost og heimelaga grovbrød!), vi fekk champagne, vi hadde leikar, flaggheising og sangar. Og då vi sang nasjonalsangen, så er eg sikker på at det var fleire enn meg som fekk gåsehud ja! 🇳🇴

Eit nydelig matbord var stelt i stand!

SAMSUNG CSC

Flagget var tydelig representert på kakebordet og! 🇳🇴  Kjeksa har eg bakt. Dei kjeme det nok ei oppskrift på etterkvart.

SAMSUNG CSC

Her er den eine bunaden som var representert på damesida! Sprekt av Marianne i denna varmen 😃

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Full konsentrasjon midt i leikane!

SAMSUNG CSC

Ninea følger spent med på papirflykastinga i motvind. Ho var så herlig i bunaden sin! ❤️

Sjølv om eg savna bunaden min, så hadde eg gjort det beste ut av det og hadde med meg ein liten del av den; eit hårband eg har laga av broderibandet som høyrer til. 🇳🇴  Kanskje det var like greit at eg ikkje hadde bunaden her i år, vi hadde nemlig nærmare 35 grader her den dagen. Varmt og godt ja!

Etter champagnefrokosten ved bassengkanten kjørte vi alle ned til Destin der vi hadde leigd 4 pantoon-båtar. Skal sei det var rimelig deilig å hoppe i badeklær og få litt vind i håret etter ein heller varm start på dagen.😅  Vi starta båtturen med ein liten kortesje innover nåken kanalar der det ligg mange feriehus og båtar på størrelse med ein einebolig..

SAMSUNG CSC

Linda og meg.😊

Etter båt-toget vårt kjørte vi vidare ut på Crab Island! Her ankra vi opp og nøyt dei resterande timane av båtturen. Så utrulig deilig! Ungane koste seg, dei voksne koste seg, ein super dag! Det var ikkje vanskelig å sjå kor vi kom i frå nei! Flagg over alt!🇳🇴 🇳🇴 🇳🇴

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fleire har sagt at dette var den beste 17.mai feiringa dei har vært med på, og eg kan sei meg enig i at den er veeeeldig høgt oppe på lista mi og ja!  🇳🇴 

Etter Crab Island var det tid for litt mat før vi kjørte heimover til Crestview igjen.😊  Nåken valgte då å krype til køys, mens andre fortsatte kvelden lengre ut i natta.. 

Ka så skjedde her? haha.. Trur vi snakka om at da såg ut som om vi satt å tissa, og at ingen hadde kunna sett om vi gjore da 😂  Morsomt var da i alle fall!

Gratulera med dagen i fra firkløveren her i Florida! 🇳🇴

Håpe alle heime hadde ein nydelig feiring! Det hadde i alle fall vi!🇳🇴 Neste år blir det nok feiring i Trøndelag, men då med Hardangerbunaden på! 😃

SAMSUNG CSC

#reise #destin #17mai #feiring #nasjonaldag #bunad #iviusa #17maiiutlandet #utlandet #party #mittørland

15 kommentarer

Siste innlegg